Gå til innhold

11 Kort tid etter ga Jesus seg på vei til en by som heter Nain. Disiplene og en stor folkemengde dro sammen med ham.

Innspel til preika på Bibeldagen frå pastorar i Sentral-Asia

Lukas 8,4–15

– Det viktigaste er å halda fram å så

–Vi ser at sjølv om jorda er god, trengst det likevel mykje hardt arbeid, bøn, og inngrep frå Gud sjølv. Vi har hatt 70 år med kommunistisk tørke og svolt. Når vi ser på heile historia til kristendomen, er 25 år ingen ting!

Nokre sitat frå teksta:

  • Kornet blir sådd trass i alle vanskar.
  • Sjølv om jorda er god, trengst det likevel mykje hardt arbeid.
  • Vi har hatt 70 år med kommunistisk tørke og svolt.
  • I hjartet er folk på leiting etter den levande sanninga.
  • Vi kan stola på at kvart fjerde såkorn vil gje god avling.
  • Det som gjev best resultat, er å så frå hjarte til hjarte.
  • Den viktigaste lærdomen er at vi må halda fram å så.
  • Bibelen er den beste misjonæren!

Innleiing

På Bibeldagen 2017 er likninga om såmannen og dei fire slag jord (Lukas 8,4-15) preiketekst i mange norske kyrkjer. Vi har spurt nokre pastorar og kyrkjeleiarar i landa i Sentral-Asia om å dela tankane sine om likninga, ut frå situasjonen i sine eigne land. I den følgjande teksta har vi plassert svara deira om kvarandre, utan å identifisera kva for eit land kvart enkelt svar kjem frå.

Kva seier denne likninga i dykkar samanheng?

– I vår samanheng fortel likninga at såkornet blir sådd trass i alle vanskar. For i landet vårt, med ein folkesetnad på mange millionar, blir det sådd få såkorn. Vi manglar biblar på morsmålet vårt, og vi manglar såmenn som kan bringa Ordet ut. Hausten er stor, men arbeidarane er så få. Vi bed han som er Herre over grøda om å senda arbeidarane sine ut på markene sine.

– Likninga fortel at Guds rikes lover framleis er dei same i dag: Det er viktig å halda fram å så i ulike slag jord for å få avling.

– I vår samanheng seier likninga at vi må gjera ein innsats for å koma inn i Guds rike. For dei fleste i landet vårt er det enkelt og uproblematisk å kalla seg religiøs, men dei veit ingen ting om innhaldet i det dei trur på.

Kva for slag jord ser de i landa dykkar?

– I landet vårt ser vi alle dei fire typar jord. Det er nokre som tek imot såkornet berre for ei kort tid. Det er òg nokre som fell frå Kristus når dei møter utfordringar og ytre press, fordi dei er redde eller skammar seg. Så er det òg stadig fleire som søkjer rikdomen, følgjer freistingane og forlèt tenesta si eller landa sitt, på leiting etter eit betre liv. Men så er det òg dei som held fram å arbeida til Guds ære, trass i alle vanskar. Det er mange av denne siste gruppa her. Vi trur at det kjem til å bli fleire av dei, og at dei vil bera frukt som varer.

– I landet vårt ser det ut til at den tredje gruppa er den mest framståande: Det er tornebusker som kveler såkornet. Ein type tornar kjem frå andre dominerande religionar i landet vårt. Det blir gjort mykje for at bibelske sanningar ikkje skal bli godtekne blant oss. Det blir spreidd mykje negativ informasjon om kristendomen i media. Og sidan folk ikkje har utdanning på dette området, stolar dei på det som blir fortalt dei.

– Ein annan type tornar er falske trusretningar som blomstrar for tida. Sjølv om dei fleste av dei blir spreidde i det løynde, forfører dei mange menneske. Ein person som får feil informasjon, kan ikkje skilja mellom sanning og løgn, og det gode såkornet døyr utan å gje avling.

Kvar kan de tydelegast sjå den gode jorda, der såkornet veks?

– For tida ser vi den gode jorda tydelegast i folket i dei store byane.

– Vi ser at sjølv om jorda er god, trengst det likevel mykje hardt arbeid, bøn, og inngrep frå Gud sjølv. Vi har hatt 70 år med kommunistisk tørke og svolt. Når vi ser på heile historia til kristendomen, er 25 år ingen ting! Dette er berre byrjinga på ei tid med misjon og forkynning av evangeliet. På same tid er det ikkje berre vi som sår, for andre religionar arbeider òg svært aktivt, og somme gonger har dei større framgang. Men det er berre i det ytre dei har framgang, for i hjartet er folk framleis på leiting etter den levande sanninga.

– I dag er den måten å så på som gjev best resultat, å så frå hjarte til hjarte. Her ligg det eit enormt ansvar på kvar einskild truande - å gje den gode bodskapen til kvart menneske, og å gje Bibelen til kvar familie. Dette er ei stor arbeidsmark.

– Den beste jorda finn vi blant tenåringar og born. Dette er den gruppa som er mest open for den gode bodskapen og som tek imot med størst iver. Men på same tid er det den mest sårbare gruppa, som er mest avhengig av støtte. For familien og miljøet omkring dei kan lett undertrykkja dei og tvinga dei til å forlata den sanninga dei har sagt ja til.

Kva kan vi læra av denne likninga?

– I denne likninga lærer vi at det viktigaste er å halda fram å så. Dess fleire såkorn som vi kastar utover, dess større blir avlinga som vi får. Når vi ser på forholdstalet i likninga, kan vi stola på at kvart fjerde såkorn vil gje god avling.

– Den viktigaste lærdomen frå denne likninga er at vi skal halda fram å så, same kva som hender! Då eit ny lov som avgrensar trusfridomen nyleg vart innført, vart mange kristne skuffa - held det frie landet vårt på å bli ein lukka stat? Både foreldra og besteforeldra våre vart forfølgde for Ordet skuld - er det no på tide for oss å forlata landet og flytta til eit annan stad? Men neste sundag då eg gjekk til kyrkja, var det ein ung mann frå den lokale folkegruppa som stansa meg og spurde kva eg hadde i handa. «Det er Bibelen, og eg er på veg til ei kyrkje», svara eg. «Kvar kan eg få tak i ein bibel?» spurde han. Eg inviterte han til kyrkja, men han svara nei og forklarte at han måtte på jobben. Men eg bad om å få adressa hans og sende Bibelen til han. Eg trur at Guds ord kan arbeida i hjartet hans, for Bibelen er den beste misjonæren! Den sundagen trur eg at ein Herrens engel vart send for å setja mot i meg. For når folk stoppar oss på gata og bed om biblar i byane våre, då er det framleis mykje som kan bli gjort!

Kor viktig er Guds ord for dykk?

– Vi kan ikkje overvurdera kor viktig Guds ord er. For kvar nasjon både var og er Ordet den mest fullkomne bodskapen; det inneheld fylden av himmelske velsigningar. Det faktum at mange menneske avviser Guds ord i dag, påverkar ikkje den sanne verdien til Ordet.

– Guds ord er kjelda for vår kommunikasjon med Gud. Han talar til oss gjennom Ordet - så enkelt er det. Det er Guds vilje som er skriven til oss, og kvart menneske på jorda skulle kjenna det og følgja det.

– Utan Guds ord ville livet vårt bli fylt med frykt, fortviling og vonløyse - det ville vera frykteleg.