Gå til innhold

23 Da var det en som spurte: «Herre, er det få som blir frelst?» Han sa til dem:

Til preika på Bibeldagen 2018

Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst. Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Som det står skrive: Kor vakre dei er, føtene til dei som kjem med gledebod!  Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår? Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

(Romarbrevet 10,13–17)

Dei siste tretti åra har vi fleire gonger sett at trua kjem av Kristi ord. Det blir realitet framfor auga våre. I både Kina, Ukraina og Cuba har trua vorte skapt ved Kristi ord. No er det dei kristne i Syria og Irak som ber om biblar, om Kristi ord.

Vår kollega George Andrea i Syria har sendt oss fem punkt om Rom 10,13–17. Han stiller spørsmålet: «Kva har vi lært gjennom krigen?» Og svara han gjev, er desse: 

  1. At Gud er god!
  2. At djevelen og det vonde er verkeleg!
  3. At frykta kan vera så verkeleg at du kan ta på henne!
  4. At når vi forkynner trua på Jesus, blir trua så verkeleg at du kan ta på henne!
  5. At vi treng tru, same kva vi møter i livet!

Bibelen ser ut som ei vanleg bok med bokstavar og tynne ark – kva er det å leggja i hendene på menneske? Han ser liten og ubetydeleg ut. Men i den gamle boka ligg det ei kraft til å skapa tru – ei tru som kan forandra både menneske og land.

I meir enn seksti år har Det Norske Bibelselskap vore med og spreidd biblar i land der dei er vanskelege å få tak i. Dette kallar vi bibelmisjon. I desse åra har vi fleire gonger sett at noko lite har vorte til noko stort – utan at vi skjønar det eller kan ta æra for det.

Tre land der grøda har vorte stor: Kina, Ukraina og Cuba

Kina: I åra frå 1966 til 1977 var Bibelen ei forboden bok i Kina. Det var farleg å både ha og å lesa boka. Kyrkjene var stengde, og det var forbode å samlast til gudsteneste. Men somme av dei kristne hadde gøymt biblane sine, og dei las i dei i løynd.

Då det på nytt vart tillate å samlast i kyrkjene, var det nokre som fann fram att biblane sine. Kyrkjelyden samla seg ofte kring éin bibel. Men ut frå desse få biblane starta ein kyrkjevekst som verda snautt har sett maken til. Desse biblane var som små såkorn.

Det som var éin million kristne, har no vorte til femti, kanskje nærare hundre millionar. Også talet på biblar har vorte mangedobla. Etter at det største bibeltrykkeriet i verda vart etablert i Kina i 1987, er det trykt meir enn 70 millionar biblar til kyrkjene i landet.

Ukraina: Under Sovjet-tida var det få som hadde ein bibel. Men då jernteppet fall i 1990, vart det på nytt mogleg å spreia biblar. I åra frå 1990 til 2000 var norske kristne med og betalte for fire millionar barnebiblar som vart spreidde i Ukraina.

«Desse biblane forandra landet vårt» seier ukrainske kyrkjeleiarar i dag. Barnebiblane vart lesne av både born, vaksne og eldre. Og i dag, tjuefem år seinare, møter vi stadig menneske som fekk ein av dei blå barnebiblane og kom til kristen tru gjennom dei.

«Den blå barnebibelen vart grunnstein i kunnskapen min om Jesus», seier erkebiskop Yevstratij (40) i Kiev. Han var tretten år då han fekk låna ein blå barnebibel av ei jente i klassa. «Eg hugsar enno kvar einaste historie, kvart einaste bilete», seier han. Det var den blå barnebibelen som førte han til tru, og til å bli prest og seinare biskop.

Cuba: For fem år sidan var bibelmangelen prekær på Cuba. Ein million kristne levde i den kristne trua og ønskte seg ein bibel, men hadde ingen sjanse til å kjøpa ein. Då gjekk mange bibelselskap i verda saman om å skaffa ein million biblar til Cuba.

For kyrkjeveksten er sterk på Cuba. Talet på medlemmar i dei evangeliske kyrkjene har dobla seg på ti år, og blant dei katolske kristne har talla på kyrkjegjengarar auka frå 300 000 til ein million. Omkring to millionar menneske på Cuba går no i ei kyrkje.

Då vi var på Cuba i oktober i år, vanta det berre 8000 biblar på at målet om ein million biblar var nådd. Det utenkjelege hadde skjedd. Sennepsfrøet hadde vakse. Også kyrkjelydane i Noreg var med på dette underet med gåva si til Bibeldagen 2014.

Mange som var med på å støtta bibelspreiing i Kina og Ukraina, er heime hos Herren no. Dei fekk ikkje sjå den store grøda av såkornet som dei var med på å så. Men vi får sjå den store grøda – korna har spira, sennepsfrøet har vorte eit stort tre!

Kva er det viktigaste når ein skal så? Det er å så i rette tid. Vi må så om våren, når vi ser at tida er inne. For såkornet og jordsmonnet har kraft i seg. Det er timinga det kjem an på. I Kina, Ukraina og Cuba vart Bibelen spreidd akkurat i rette tid.

I dag er det vår tur til å gjera det same. Vi må så når tida er mogen, når jorda er klar til å ta imot såkornet. I dag er det ein historisk augneblink i Syria og Irak. «Dei kristne vender no attende til byane sine» seier norske aviser. Og no bed dei oss om nye biblar.

No er tida inne i Syria og Irak

No er det den rette tida i Syria og Irak. Dei kristne kjem attende til kyrkjene sine medan vi sit her. Men kyrkjene er tomme og utbrende. «Dei fleste biblane vi hadde, er brende», seier erkebiskop Yohanna Petros Mouche i Irak. «Hjelp oss å skaffa nye!»

På Bibeldagen får vi vera med og verkeleggjera at underet med Kristi ord skjer på nytt. Kanskje vil heller ikkje vi få sjå grøda av det som vi sår. Men grøda kjem. For «trua kjem av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord».

Last ned teksten i PDF-format

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO