Gå til innhold

2 Vær utholdende i bønn, våk og be med takk til Gud!

Til preika på Bibeldagen 2019

Ugraset i kveiten 

24 Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. 25 Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. 26 Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. 27 Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ 28 ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. 29 ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. 30 Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»

(Matteus 13,24–30)


Det gode kornet toler å gro ved sida av ugraset

Matteus 13,24–30

Ingen som sår ein åker, gler seg over ugras! Når vi sår, gjer vi det med von og bøn om godt og tenleg vêr slik at hausten blir god. Mange bønder har i tusenår kjent den fortvilinga som er uttrykt i teksta i dag. Ugraset kappspirer med det gode kornet. Kva skal vi no gjera?

I dette kapittelet er det fleire likningar som er knytte til såkorn og spirande vekstar. Dei utdjupar løyndomane i gudsriket. Likningane har eit felles tema: Gud gjev vekst. Guds rike er som spirekraftige frø som er auste rikeleg ut over jorda. Himmelriket har i seg sjølv spirekraft. Kvar av likningane har òg sitt eige særdrag. Likninga vår tek opp temaet ugras. Ein fiende sådde ugras medan bonden sov. Ordet viser truleg til eit giftig raigras som liknar på kveite. Det har svarte frukter som blir synlege når graset har mogna.

Dilemmaet er kjent. Skal det lukast no, eller skal hausten skilja det gode frå det vonde? I likninga blir tenarane bedne om å venta. Når hausten kjem, skal ugraset sankast i hop og brennast. Dels uttrykkjer dette stor tillit til spirekrafta i det gode såkornet. Det gode kornet vil veksa, og det toler å gro ved sida av ugraset. Haustens herre vil i sin time skilja det vonde frå det gode. Dels gjev likninga ei oppfordring til varsemd. Det er ikkje oppgåva til disiplane å skilja ut det vonde og reinsa åkeren. Verdifullt korn kan gå tapt. Ei slik tolking kling saman med dei klåre åtvaringane mot å dømma kvarandre, Matt 7,1–5 .



Samtale

Evangelieteksta formidlar stor tillit til spirekrafta i såkornet. I likninga blir tenarane bedne om å venta med å luka pga. faren for å luka vekk det gode. I staden for å vera altfor ivrig til å luka legg likninga opp til at ein skal vera tolmodig og roleg – sjølv om ein ser at ugraset breier seg. Korleis skal vi lesa denne formaninga? Kva seier dette til oss?



Meditasjon

Gud,

ordet ditt er sådd i livet mitt,

du har blåse di ånd inn i skriftene eg les.

Kjærleik og von veks fram, Gud,

ordet ditt spirer og gror.

Du elskar meg.

Eg elskar deg.

Du er min Gud.

Eg er barnet ditt.

Eg mislikar sabotasje, Gud,

det er så mange vindar som blæs,

det er så mange planter som spirer og gror.

Gode vekstar og dårlege vekstar

side om side.

Kan eg berre kvila i at ordet ditt er

sterkare enn alt anna og at

kjærleiken din er der heilt til slutt?



Bøn

Himmelske Far, takk for Ordet ditt! Lat det stadig på nytt gje begeistring, visdom, utfordring, påminningar om viljen din.


Frå boka «Fra søndag til søndag, et møte med kirkeårets tekster 3. rekke» av Mari og Paul Erik Wirgenes, Verbum Forlag 2012


Last ned teksten i PDF-format

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO