Gå til innhold

1 Mange har forsøkt å gi en fremstilling av det som er blitt oppfylt blant oss,

Forbøn

til jubileumsgudstenesta ved Bibelselskapets 200-årsjubileum.

Vi takkar deg, Gud, for alle biblane som er spreidde i Noreg dei siste to hundre åra. Takk for at vi kan lesa om dine storverk på våre eigne tungemål, på bokmål, nynorsk og dei samiske språka. Takk for alle som har lært Son din, Jesus Kristus, å kjenna gjennom desse biblane. Velsign alle dei som i dag les ditt Ord. Lat di signing kvila over arbeidet med å spreia Ordet i landet vårt òg i åra som ligg framføre oss. Det bed vi deg om, vår Gud og Far.

Vi lovar deg, Gud, for dei som først kom med ditt Ord til landet vårt. Takk for at du kalla dei til å reisa ut med ditt Ord. Vi takkar deg for alle dei som gjennom åra har arbeidd med å omsetja Ordet ditt til språka våre. Takk for alle, også frå vårt eige land, som har følgt kallet til å omsetja ditt Ord til andre språk. Vi bed om at din heilage Ande òg i dag må inspirera oss til å lesa ditt Ord i kyrkje, heim og samfunn. Det bed vi deg om, vår Gud og Far.

Vi prisar deg, Gud, for alle land der dei kan lesa Ordet ditt i dag. Takk for alle i Noreg som trufast støttar arbeidet med å spreia ditt Ord. Vi bed deg velsigna syskena våre i bibelselskapa over heile verda. Fri dei frå all fare og lat det bli frukt av arbeidet deira. Vi bed deg i dag særskilt for bibelarbeidet på Cuba, og for dei barnebiblane vi støttar med gåvene våre. Lat dei bli til velsigning i kyrkjene på Cuba. Det bed vi deg om, vår Gud og Far.

Vi bed deg, Gud, for oss sjølve og vårt eige land. Lat Ordet ditt ha framgang mellom alle folkeslag, men òg her hos oss. Velsign alle som opnar ditt Ord, både unge og eldre, einslege og familiar. Lat Ordet bli til hjelp, styrke og inspirasjon for oss, òg i åra som kjem. Lat det forma og omskapa oss, så vi elskar deg som har skapt oss, og medmenneska våre som oss sjølve, og lever livet vårt til ære for deg. Det bed vi deg om, vår Gud og Far.

Vær med og støtt bibelarbeidet på Cuba!