Gå til innhold

12 Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.»

Bibelselskapet 200 år (kort)

Ei tekst til innleiinga i gudstenesta eller til kunngjeringane. Kort versjon.

Kjære kyrkjelyd

Det var mangelen på biblar som førte til at det første Bibelselskapet vart skipa. Den unge jenta Mary Jones i Wales hadde spart pengar i mange år for endeleg å få kjøpt ein bibel. Men då ho kom fram, etter å ha gått fire mil til fots, var det ingen biblar å få kjøpt.

Året var 1796, og i heile Europa var situasjonen slik som i Wales: Det fanst ikkje nok biblar til vanleg folk, og dessutan var dei altfor dyre til at folk flest kunne ha råd til ein.

Presten som opplevde å få Mary Jones på døra, var ein av dei som skipa det britiske Bibelselskapet i 1804. Forteljinga om jenta som ønskte seg ein bibel, men ikkje kunne få tak i ein, vart ein inspirasjon for den store familien av bibelselskap over heile jorda.

Også her i Noreg var det mangelen på biblar som inspirerte til å skipe eit bibelselskap. Biskop Johan Nordahl Brun fekk i 1815 gjennomført ei bibelteljing i 22 prestegjeld rundt Bergen. Teljinga viste at for kvar tusande innbyggjar fanst det berre 41 biblar.

Teljinga vart ein sterk inspirasjon for det nye bibelselskapet. Det Norske Bibelselskap vart skipa den 26. mai 1816. Gjennom 1800-talet gav ein fyrst ut nytestamente der det danske språket gradvis vart fornorska. Den første heile Bibelen vart gjeven ut i 1854.

Men det var ikkje før i åra rundt år 1900 at vi fekk Bibelen på våre eigne språk. I 1895 kom heile Bibelen på nordsamisk. I 1904 kom Bibelen på riksmål, omsett frå grunnen av frå grunnspråka til norsk, og i 1921 kom heile Bibelen for første gong på landsmål.

I dag, etter 200 års arbeid, finst det ein bibel i dei fleste heimar i Noreg. No i vår tid er utfordringa difor ei anna: Å hjelpe folk til å bruke Bibelen. Å «opne Bibelen for alle» er målet for Bibelselskapet. Lat dette 200-årsjubileet inspirere oss til å ta Bibelen i bruk!

I dag finst det rundt 150 bibelselskap som arbeider i meir enn 200 land. Alle har den same visjonen: «Guds Ord til alle menneske, på eit språk dei forstår og til ein pris dei kan betale». I mange land opplever ein framleis den same situasjonen som vi hadde i 1816:

På Cuba aukar talet på kristne sterkt, samtidig som det er liten tilgang på biblar. Kyrkjene på Cuba reknar at ein million menneske ønskjer seg ein bibel, men ikkje kan få tak i ein, eller dei har ikkje råd til å kjøpe ein. Mange av desse er born og ungdom.

No er det folket på Cuba som treng biblar. Takkofferet ved 200-årsjubileet går difor til bibelarbeidet på Cuba. 100 kroner gjev tre barnebiblar til Cuba. Slik går visjonen vidare: «Guds Ord til alle menneske, på eit språk dei forstår og til ein pris dei kan betale».

Til lukke med bibeljubileet!

Vær med og støtt bibelarbeidet på Cuba!