Gå til innhold

18 Da sa Herren Gud: «Det er ikke godt for mennesket å være alene. Jeg vil lage en hjelper av samme slag.»

Bibelselskapet 200 år (lang)

Til bruk under innleiinga til gudstenesta eller på kunngjeringplass. Lang versjon

Då Bibelselskapet vart stifta 26. mai 1816 i Vår Frelsers kirke i Oslo, som no er Oslo Domkyrkje, hadde det både med ei ung jente frå Wales, ein britisk parlamentsmedlem, ein svensk kronprinsregent, og eit nasjonalt kyrkjeleg initiativ å gjera.

Det var mangelen på biblar som førte til at det første Bibelselskapet vart skipa. Den unge jenta Mary Jones i Wales hadde spara pengar i mange år for å få kjøpt seg ein bibel. Men då ho kom fram til prestegarden, etter å ha gått i fire mil, var det ingen biblar å få kjøpt. Året var 1796, og i heile Europa var situasjonen slik som i Wales: Det fanst ikkje nok biblar til vanleg folk, og dessutan var dei altfor dyre til at folk flest kunne ha råd til ein. Presten som opplevde å få Mary Jones på døra, var ein av dei som skipa det britiske Bibelselskapet i 1804. Forteljinga om jenta som ønskte seg ein bibel, men ikkje kunne få tak i ein, vart ein inspirasjon for den store familien av bibelselskap over heile jorda.

Samstundes såg det britiske parlamentsmedlemmet William Wilberforce både «det sjelelige behovet» til det britiske folket og behovet for global misjon. Og han såg ei av dei verkeleg negative sidene ved den britiske kolonialiseringa av verda; slaveriet. Responsen hans vart å vera sentral i skipinga både av «The Society for the Abolishment of Slavery» og «The British and Foreign Bible Society – BFBS». For han hang desse to tinga saman. Auka bibelspreiing ville gje betra moral og ville dermed òg kunne gjera sitt til at slaveriet vart oppheva. BFBS vart skipa i 1804 og var sentralt for skipinga av fleire europeiske bibelselskap, mellom dei det norske.

I Noreg var det nasjonsbygging på gang. Vi hadde fått vårt eige universitet (1811), eiga grunnlov (1814), eigen høgsterett (1815), og dessutan Noregs Bank (1816). Den svenske Kronprinsregenten såg kor viktig det var at tru- og verdigrunnlaget til den nye nasjonen var lett tilgjengeleg for alle. Han støtta difor skipinga av eit norsk bibelselskap med 6 000 riksdalar.

Frå nasjonalt, kyrkjeleg hold danna bibelteljinga i Bjørgvin stift i 1815 eit viktig bakgrunnsteppe. Bibelmangelen var stor – det fanst berre 41 biblar per 1000 innbyggjarar – og ein var bekymra for folkets «sjelelige» tilstand. Prisen på ein bibel svara til ei månadsløn for ei tenestejente. Ein trong difor eit bibelselskap for å trykkja og spreia Bibelen i så store kvantum at prisen ville gå ned.

I møtet i Vår Frelsers kirke den 26. mai 1816 vart Det Norske Bibelselskap skipa med føremålet «å utbreia Den heilage skrifta». Føremålet hadde både ei nasjonsbyggjande side, ei moralbyggjande side, ei sjeleleg side og ei global side. Ved dette første møtet vart dermed «de norske sjelers frelse», bygginga av ein ny nasjon, respons på bibelmangelen, det globale misjonsoppdraget og ønsket om å endra ei kolonialisert verd til noko betre, knytt saman på ein unik måte.

To hundre år seinare må vi spørja oss korleis det står til med 200-åringen. Kva er gjort dei siste 199 åra for å utbreia Den heilage skrifta? Sidan 1816 har Bibelselskapet levert fem omsetjingar og revisjonar av Bibelen til nynorsk og bokmål. I perioden 1816 til 1904 omsette Bibelselskapet 860 000 heile biblar. Konservative overslag syner at Bibelselskapet i perioden 1905 til 1978 distribuerte 3,65 millionar biblar. I perioden 1978 til 2011 distribuerte Bibelselskapet om lag 2 000 000 biblar, og vi har selt ca. 360 000 eksemplar av 2011-omsetjinga. Vi kan slå fast at Bibelselskapet dei siste 199 åra har distribuert nærare 6,9 millionar biblar i Noreg. Sett i lys av at nesten ingen kastar biblar, kan vi trygt slå fast at det er fleire biblar enn menneske i dette landet!

Kva såg med prisen? I 1816 kosta ein bibel ei månadsløn for ei tenestejente. I dagens Noreg ville det svara til ca. 26 000 kroner for ein bibel! Den dyraste bibelen vår kostar i dag 1 290 kroner. Det svarar til ca. ei dagløn for dagens «tenestejente». I tillegg har vi mange priskategoriar, og alle som har tilgjenge til internett eller ein smarttelefon, har i prinsippet tilgjenge til Bibelen gratis via nettsidene våre eller gjennom ulike appar. Målet om at Bibelen skal vera tilgjengeleg for alle er definitivt nådd! Utfordringa i Noreg no er å få folk til å bruka biblane sine.

I dag finst det 147 bibelselskap som arbeider i meir enn 200 land. Alle har den same visjonen: «Bibelen for alle». I mange land opplever dei enno den same situasjonen som vi hadde i 1816 – stor bibelmangel og låg kjøpekraft. I jubileumsåret vårt er det difor ekstra viktig for oss å støtta det globale bibelarbeidet.

På Cuba aukar talet på kristne sterkt, samstundes som det er liten tilgang på biblar. Kyrkjene på Cuba reknar at ein million menneske ønskjer seg ein bibel, men ikkje kan få tak i ein, eller dei har ikkje råd til å kjøpa ein. Mange av desse er born og ungdom.

No er det folket på Cuba som treng biblar. Takkofferet ved 200-årsjubileet går difor til bibelarbeidet på Cuba. 100 kroner gjev tre barnebiblar til Cuba. Slik går visjonen vidare: «Bibelen for alle».

Vær med og støtt bibelarbeidet på Cuba!