Gå til innhold

15 Da de var ferdige med måltidet, sier Jesus til Simon Peter: «Simon, sønn av Johannes, elsker du meg mer enn disse?» Han svarte: «Ja, Herre, du vet at jeg har deg kjær.» Jesus sier til ham: «Fø lammene mine!»

Preikeforslag

1. Bibelen lærer oss om Jesus

«Du er ein lærar som er komen frå Gud» (Joh 3,2)

a. Jesus er læraren vår. Han er Frelsaren, Herren og Meisteren vår. Men han er òg læraren vår. Gong etter gong står det i evangelia at Jesus «underviste folket». Han tolka Skriftene for dei, delte dei gamle bibelske historiene og fortalde likningane sine om og om att. Fleire av personane i Bibelen svara med å kalla han «lærar» eller «rabbi». Rådsherren Nikodemus er ein av dei.

b. Mange vil læra meir om Jesus. Nikodemus kom til Jesus for å læra meir. På same måten er det mange i dag som ønskjer å læra meir om han. Det nye testamentet er stadig den beste kjelda for å læra kva Jesus sa og gjorde. Ingen andre bøker frå antikken finst i så mange og så tidlege manuskript som Det nye testamentet. Den som vil læra meir om Jesus, finn enno i dag svaret i Bibelen.

c. Menneske i heile verda vil læra av Jesus. Bibelen er ikkje berre boka vår, men også kjelda for millionar av menneske verda over som ønskjer å læra meir om Jesus. I mange land var Bibelen tidlegare ei forboden bok. Men nett i desse landa ser vi i dag at mange ønskjer seg ein bibel. Både i Kina og på Cuba aukar talet på kristne sterkt, og talet på biblar som Bibelselskapet distribuerer, aukar.

Det første bibelselskapet vart skipa i 1804, og Det Norske Bibelselskap nokre år seinare, i 1816. Bakgrunnen var den store bibelmangelen i Noreg. Ei bibelteljing i 22 prestegjeld omkring Bergen i 1815 synte at det berre fanst 41 biblar for kvar tusande innbyggjar – altså hadde berre 4 prosent ein bibel.

Det Norske Bibelselskap er del av ein stor familie. Omkring 150 nasjonale bibelselskap arbeider med å spreie Bibelen i over 200 land. I 2014 vart det trykt og distribuert 34 millionar biblar gjennom alle desse bibelselskapa, og dessutan 450 millionar bøker med større eller mindre delar av Bibelen.

På grunn av trufaste gjevarar er Det Norske Bibelselskap i stand til å støtta trykking og distribusjon av biblar i nærare 50 land. Den største støtta går til biblar i Kina, på Cuba og i Ukraina. Ingen andre land gjev så mye til bibelarbeidet som Noreg, målt etter talet på innbyggjarar.

I høve 200-årsjubileet går takkofferet difor ikkje til oss i Noreg, men til folket på Cuba, som er i den same situasjonen som vi var i for 200 år sidan. På Cuba er det ein million menneske som ønskjer seg ein bibel. Mange av desse er born og unge. 100 kroner er nok til tre barnebiblar til Cuba.


2. Bibelen er eit vitnemål om Jesus

«Vi vitnar om det vi har sett» (Joh 3,11)

a. Jesus vitnar om kven han er. Ofte svara ikkje Jesus når folk spurde kven han var. Men nokre gonger sa han det rett ut. «Det er eg, eg som talar med deg» sa han då kvinna ved brønnen byrja å snakka om Messias (Joh 4,26). «Det er han som no snakkar med deg» sa han då ein blind mann spurde kven Menneskesonen var (Joh 9,37). I evangelia kan vi lesa kva Jesus vitnar om seg sjølv.

b. Læresveinane vitnar om Jesus. Dei som følgde han og såg kva han gjorde, vitna om det når dei underviste. Vitnemålet deira fyller resten av Det nye testamentet. «Han som såg det, har vitna om det» skriv Johannes (Joh 19,35). «Vi var augnevitne» står det i Peters andre brev (2 Pet 1,16), og Johannes skriv i brevet sitt om «det vi har sett med våre eigne auge» (1 Joh 1,1). Bibelen er ord frå augnevitne!

c. Bibelen er eit vitnemål. Bibelen er skriven for å delast med andre. «De skal vitna, for de har vore med meg frå første stund» sa Jesus til læresveinane (Joh 15,27). Etter oppstoda sa han at «de er vitne om dette» (Luk 23,48). Og noko av det siste han sa før han vart teken opp til himmelen, var: «De skal vera mine vitne i Jerusalem og Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda» (Apg 1,8).

Også i dag vitnar menneske verda over om det dei har opplevd i møte med Bibelen. «Skilnaden på Bibelen og andre bøker er at Bibelen forandrar livet ditt» seier Oda Mirtha Rodriguez, som er barnepastor i ei forsamling i Guantanamo, lengst aust på Cuba.

Men cubanarane kan òg fortelja om den store mangelen på biblar: «Eg har eit barnebarn på elleve år», seier bestemor Mirtha. «Han vil så gjerne bli pastor, og han spør meg stadig: Kan eg ikkje få min eigen bibel, bestemor? Men eg har ingen bibel å gje han».

«Berre ti prosent av ungdomane her hos oss har ein bibel» seier Grecia, som driv bibelgrupper for ungdom i baptistkyrkja i Santiago på Cuba. «Ungdomane spør om å få låna bibelen min, så dei kan skriva av bibelvers», seier Sonia, som driv bibelgrupper i metodistkyrkja.

«Dette er den største mangelen på biblar eg har sett i noko land», seier bibelmisjonsleiar Bernt Greger Olsen i Bibelselskapet. Det som er sjølvsagt for oss – å kunna kjøpa seg ein bibel – er ein nesten umogleg tanke for mange i verda. Difor går støtta vår ved det norske bibeljubileet til barnebiblar til Cuba.


3. Bibelen er levande ord til oss i dag

«Det som er fødd av Anden, er ånd» (Joh 3,6)

a. Anden gav læresveinane kraft til å vitna. «De skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk», sa Jesus til læresveinane sine (Apg 1,8). Desse menneska som før var usikre, feilande og redde, står etter pinsedagen fram som frimodige vitne om Jesus. Det må ha hendt noko sterkt og avgjerande med dei. Dei byrjar å reisa rundt og vitna om Jesus. Og enno i dag kan vi lytta til vitnemålet deira i Bibelen.

b. Gud har blåse sin Ande inn i orda. Utan Anden ville orda i Bibelen berre ha vore livlause bokstavar. Men verda over får dei som les i Bibelen, kjenna at innhaldet er «levande og verksamt og skarpare enn noko tvieggja sverd» (Hebr 4,12). Bøkene i Bibelen er «innanda av Gud» skriv apostelen Paulus. Den som opnar Bibelen i dag, vil få kjenna at orda er fulle av ånd og kraft.

c. Guds Ande hjelper oss å skjøna. I dag gjer Den heilage ande den same gjerninga som Jesus gjorde då han levde på jorda. Den heilage ande skal «læra dykk alt» sa Jesus (Joh 14,26). Anden er læraren vår som hjelper oss å skjøna det vi les i Bibelen. I dag har dei fleste i Noreg ein bibel, men utfordringa er å ta han i bruk og lesa han. Den beste måten å feira Bibelen på, er difor å la han bli ei bruksbok.

For 200 år sidan var det nesten ingen i Noreg som hadde sin eigen bibel. Men i dag er utfordringa ei anna. No er utfordringa å ta Bibelen i bruk. Å «opna Bibelen for alle» er målet til Bibelselskapet – ein open bibel i alle heimar, ein bibel som blir brukt og lesen.

«Du skal aldri lata att Bibelen, men la han liggja open framme i huset ditt». Det var rådet som pave Tawadros II, leiaren for den koptiske kyrkja i Egypt, gav då han var i Noreg i 2014. «For den opne Bibelen vil minna deg på å lesa vidare, neste gong du går forbi», sa han.

Bibelselskapet tilbyd difor hjelp til å ta Bibelen i bruk. Ei pakke med ti hefte, fulle av idear til korleis Bibelen kan brukast i lokalsamfunnet, er sendt ut til alle forsamlingar i Noreg i høve jubileet. Vi vonar at forsamlingane vil finna idear dei får lyst til å prøva, i aktivitetspakka BRUK BIBELEN:

Kva med å laga ei bibelutstilling av dei eldste biblane som finst i lokalmiljøet? Kanskje forsamlinga kan lesa heile Bibelen høgt frå perm til perm i løpet av året? Kva med ein fjelltur der Bergpreika blir lesen, eller ein kveld med bibelske matretter? Lukke til med å opna Bibelen på nytt – ei levande bok til oss!


Vær med og støtt bibelarbeidet på Cuba!