Gå til innhold

5 Hvem andre seirer over verden enn den som tror at Jesus er Guds Sønn?

– Vi ønskjer eit politivesen prega av rettferd og ærlegdom, seier ein talsmann for Bibelselskapet i Guatemala.

Foto: – Vi ønskjer eit politivesen prega av rettferd og ærlegdom, seier ein talsmann for Bibelselskapet i Guatemala.

Nytt frå Guatemala

09. mai 2011.

Til kamp mot auka vald og kriminalitet.

Dei siste åtte åra har valden auka i det mellomamerikanske landet Guatemala. Det vert peika på ulike grunnar til dette, som meir fattigdom, større sosiale skilnader og mafiaverksemd. Bibelselskapet i landet møter den veksande kriminaliteten med bibelspreiing. Meir konkret: Biblar til politiet! Styresmaktene ønskjer å bruka åndelege ressursar for å betra moralen i kvart fall hjå politistyrkane i landet. Tilsette i politiet får sine eigne biblar og blir inviterte til møte der Guds ord blir forkynt, og der det vert peika på verdiar og ressursar som kvar einskild kan henta fram.
- Vi ønskjer eit politivesen prega av rettferd og ærlegdom. Å kjempa mot korrupsjon er éi viktig side ved kampen mot vald i samfunnet, seier ein talsmann for Bibelselskapet.

Kjelde: UBS