Gå til innhold

16 Men vi vet at ikke noe menneske blir rettferdig for Gud ved gjerninger som loven krever, bare ved troen på Jesus Kristus. Derfor satte også vi vår lit til Kristus Jesus, så vi skulle bli kjent rettferdige ved troen på Kristus og ikke ved lovgjerninger. For ikke noe menneske blir rettferdig ved lovgjerninger.

Hernán Romero har hatt meir enn 100 framsyningar av Markusevangeliet i Peru. Stykket er òg sett opp i Havana på Cuba.

Foto: Hernán Romero har hatt meir enn 100 framsyningar av Markusevangeliet i Peru. Stykket er òg sett opp i Havana på Cuba.

Teatersuksess med Markusevangeliet

22. august 2011.

Markusevangeliet som teaterframsyning har blitt ein suksess i Peru og Cuba. Sjå utdrag frå framsyninga her.

Skodespelar Svein Tindberg og teaterregissør Kjetil Bang-Hansen reiste i 2006 til Peru for å bidra til ei oppsetjing av Markusevangeliet, ei teaterframsyning som hadde stor suksess i Noreg i 1995. Det var Det Norske Bibelselskap som var ”fødselshjelpar” for eksporten frå Det Norske Teatret til scena i Peru.

I Peru er førestillinga blitt ein suksess, og skodespelaren Hernán Romero har hatt meir enn 100 framsyningar av stykket som har fått tittelen La Parabla Sola (Ordet åleine).

– Eg brukte to år på å læra materialet skikkeleg, seier Hernán Romero.
– Gjennom dette arbeidet har eg lært Jesus betre å kjenna, snakka med han og vandra med han. Han er Ordet som korrigerer og hjelper oss, og ved kvar situasjon i livet blir eg minna om sitat frå evangeliet. Eg opplever meg rikt velsigna av denne oppsetjinga.

I mars i år var Hernán Romero invitert til Cuba av Det kubanske kyrkjerådet. Der vart stykket sett opp mellom anna i katedralen i Havana.

I dette nyhetsinnslaget (på spansk) kan du sjå utdrag frå forestillinga:



Kjelde: UBS og www.godtube.com