Gå til innhold

1 For øvrig, søsken, ber og oppfordrer vi dere i Herren Jesus: Dere har mottatt og lært av oss hvordan dere bør leve og være til glede for Gud, og slik lever dere allerede. Men dere må gjøre enda større fremskritt i dette!

Serif Bakic er pastor i byen Leskovac, i bydelen hans høyrer majoriteten av innbyggjarane til romani-folket.

Foto: Serif Bakic er pastor i byen Leskovac, i bydelen hans høyrer majoriteten av innbyggjarane til romani-folket.

Ny romani-omsetjing klar

19. august 2011.

Arbeidet med den nye romani-omsetjinga av Markusevangeliet er ferdig.

Nytt om Bibelen nr 2, 2010 fortel om planane for ei ny romani-omsetjing av Markusevangeliet. No er arbeidet ferdig, i april vart boka presentert. 300 menneske var samla i kyrkja i Leskovac sør i Serbia under lanseringa.

Pastor Serif Bakic, som har vore sentral i omsetjingsarbeidet, seier:
- Dette vil vera ei viktig støtte for trua til dei levande kristne i byen vår, og det vil også ha mykje å seia for å ta vare på språket for komande generasjonar. Markusevangeliet blir også utgitt som lydbok.

Kjelde: UBS