Gå til innhold

34 Vær på vakt og la ikke hjertet bli sløvet av rangel og drikk og dagliglivets bekymringer, så den dagen plutselig kommer over dere

Bibelselskapet i Thailand gler seg over den nye bibelomsetjinga.

Foto: Bibelselskapet i Thailand gler seg over den nye bibelomsetjinga.

Ny bibel på Thai

02. september 2011.

Ei ny standardomsetjing av Bibelen på thai vart presentert i april.

Den første bibelomsetjinga på thai vart påbyrja på 1800-talet, men heile Bibelen var ikkje omsett før i 1940. Ein ny versjon vart laga i 1971, og årets utgåve er ei forbetring og modernisering av denne.

Det er teologar og språkvitarar frå Thailand som har gjort arbeidet, og finansieringa kjem frå thai-kyrkja. Biblane vart trykte i Kina.

Det er altså ikkje lenger slik at teknologisk og akademisk kvalitet og finansiell støtte treng å koma frå Europa eller USA.

Kjelde: UBS