Gå til innhold

26 Når Talsmannen kommer, han som jeg skal sende dere fra Far, sannhetens Ånd som går ut fra Far, da skal han vitne om meg.

Foto:

Kalenjin-bibelen

20. oktober 2011.

I Kenya har bibelselskapet sidan 2005 arbeidd med ei revidert omsetjing av Bibelen til kalenjin-språket. Kalenjin-folket omfattar om lag tre millionar menneske. Dei bur i den vestlege delen av Kenya og i grensestrøka mellom Kenya og Uganda, særleg i det området som blir kalla Rift Valley. Dei har hatt sin tradisjonelle religion, men i dag er mest alle kristne eller muslimar.

”Kalenjin” er ei temmeleg ny nemning, teken i bruk først på 1940-talet. Bakom finn vi minst åtte-ni ulike stammegrupper og språk eller dialektar; det finst ulike avgrensingar i litteraturen. Dialektane ligg nær kvarandre, men det er ikkje slik at alle er innbyrdes forståelege. Av grunnar vi her skal fare fort forbi, hadde både dei aktuelle stammane og den britiske kolonimakta interesse av denne nye samskipnaden. I det sjølvstendige Kenya (frå 1963) er kalenjin ein av mange minoritetar, men dei er ein relativt stor minoritet. Kenya har i dag om lag 39 millionar innbyggjarar.

Den første bibelomsetjinga til eit kalenjin- språk var ferdig i 1939. Den var heilt basert på den eine av dialektane, nandi. Tretti år seinare, altså i 1969, kom ei ny omsetjing, kjent under namnet ”The Kalenjin Union Version Bible”. Den var tenkt som felles bibel for alle kalenjingruppene, som no var i ferd med å utvikle ein felles etnisk identitet og eit standardisert fellesspråk.

Prosjektet var berre delvis vellukka. På sekstitalet var det enno ingen som eigentleg snakka fellesspråket ”kalenjin”. Språket i bibelomsetjinga blei av mange opplevd som eit noko kunstig blandingsspråk. No, etter førti nye år, blir det meldt at yngre språkbrukarar har vanskar med å forstå omsetjinga. Mange av dei nyttar heller ei bibelutgåve på engelsk eller swahili. Til liks med alle levande språk har kalenjin utvikla seg.

Tre omsetjarar arbeider med sjølve revisjonen, saman med ei stor referansegruppe. Det er mange omsyn å ta: Bibelen skal vere økumenisk, både protestantiske og katolske kristne skal kunne bruke den. Ein skal ta tilbørleg omsyn til alle dei ulike dialektane i kalenjin-området. Ord og uttrykk som er gått ut av bruk eller har vist seg vanskelege å forstå, skal erstattast. Men samtidig finst det alt eit tradisjonelt kalenjin-bibelspråk der mange menneske har funne dei djupaste uttrykk for sitt liv og si tru.

Tekst: Mary Frank/Anders Aschim
Foto: Dag K. Smemo