Gå til innhold

9 En gang de hadde spist og drukket i Sjilo, reiste Hanna seg og trådte fram for Herrens ansikt. Ved dørstolpen til Herrens tempel satt presten Eli på stolen sin.

Glade kristne syner fram biblane dei har fått utanfor ei landsbykyrkje i Kina. Foto: Bibelselskapet/Dag Kjær Smemo.

Foto: Glade kristne syner fram biblane dei har fått utanfor ei landsbykyrkje i Kina. Foto: Bibelselskapet/Dag Kjær Smemo.

Noreg gir flest biblar til Kina

20. desember 2011.

Ved utgangen av oktober hadde det blitt trykt og distribuert 3,1 millionar biblar i Kina. Kvar sjette bibel er i år betalt av ein norsk givar.

– Ikkje noko anna land har betalt for fleire biblar i Kina enn Noreg. I fleire år har det vore slik at det vesle landet vårt, med under fem millionar innbyggjarar, gir det største tilskotet i verda til bibelspreiinga i Kina. Vi gir meir per person enn nokon annan nasjon, fortel Bernt Greger Olsen som leiar Bibelselskapets misjonsavdeling.

Kyrkjene veks på landsbygda
Fattigdomen på den kinesiske landsbygda står i markert kontrast til den økonomiske bløminga i dei urbane og sentrale områda av landet, men det er gjerne på landsbygda at kyrkjene veks raskast. Varsame overslag talar for at 500 000 kinesarar har blitt døypte hittil i år, men mange av dei nye kristne har ikkje tilgang til sin eigen bibel, og dei har heller ikkje råd til å betale full pris av kva ein bibel kostar. Gjennom gåvene til Det Norske Bibelselskapet er givarane med på å betale for bibelpapiret. Dette tilskotet gjer Bibelen så rimeleg at også fattige menneske kan få det dei ønskjer seg mest, ein eigen bibel slik at dei sjølv kan lese Guds ord.

2011 - eit rekordår
– Norske givarar har hittil i år gitt meir enn ein halv million biblar til Kina, og det gjer 2011 til eit rekordår, seier Olsen.
Det største bibeltrykkjeriet i verda ligg i Nanjing i Kina. I tillegg til å trykkje biblar for Kina blir det òg produsert rimelege biblar både for Afrika og andre delar av Asia.

Kina treng di gåve!

Bibler til Kina

Bli fast giver til bibelarbeidet i Kina!
Les mer