Gå til innhold

1 En salme av David.

Herren er min hyrde,
jeg mangler ikke noe.

Fire barn i Kamerun

Foto: Fire barn i Kamerun

Nytt opptrykk av Nytestamentet og Salmane på perespråket i Kamerun

22. november 2012.

Det var ein jubeldag hos perefolket den 4. mai 1986 då Nytestamentet på pere blei boren inn i kyrkja i Gadjiwan i Kamerun av representantar frå den katolske og den lutherske kyrkja, av kvinner og menn, barn, unge og vaksne; alle kom dei syngjande og dansande inn med kvar sin haug av nytestamente på hovudet. Så blei bøkene velsigna på alteret og delt ut eller selt. Bak oss låg dagar og år med analyser for å lage alfabet og grammatikk. Så fylgde 8 års arbeid med omsetjing. Dessutan gjekk det fleire år til å sende og vente på utskrifter mellom Kamerun og Minnesota der rettingane blei gjort, før det endelege manuskriptet kunne sendast til Korea for trykking. Ikkje rart det var jubeldag då kartongane med bøker endeleg nådde Gadjiwan.

På jakt etter den elektroniske Versjonen

No 26 år etter er lageret av nytestamente tomt. Språkgruppa på pere var lita med ca 30 000 som brukte språket, og berre ein minoritet var kristne mens dei fleste var muslimar. I dag har folkegruppa auka til kanskje 50 000 og talet på kristne er mangedobla. Dei har no bedd Det Norske Misjonsselskap (NMS) og Bibelselskapet om at Nytestamentet kan bli trykt opp igjen, denne gongen med Salmane som tillegg.

Planane for dette starta allereie i fjor, og sidan eg då jobba ved hovudkontoret for United Bible Societies fekk eg i oppdrag å sjå om den elektroniske versjonen kunne sporast opp. Pere-testamentet var nemleg eit av dei første i Afrika som blei sett elektronisk og ingen visste heilt om datafilen var i Minnesota, Kamerun eller Korea. Heldigvis hadde nokon i United Bible Societies gjort jobben sin, og vi fann den elektroniske utgåva i databasen i Nairobi. Så måtte Salmane som ikkje var trykt i den første utgåva, hentast ut frå den 35 år gamle datamaskina i Gadjiwan og omformast til dagens skrifttypar. Det tok og eit halvt år. Men no ligg heile teksten klar hos Bibelselskapet i Kamerun som skal ta seg av den tekniske sida, mens eit team i Gadjiwan må ta seg av det språklege.

Takk til Bibelselskapa og NMS som gjer dette muleg

Pastor Bakary Etienne som leier Perekomiteen seier at utan samarbeidet med Bibelselskapa og NMS kunne dette aldri blitt gjort. Solbjørg Pilskog, som har fylgt opp arbeidet i Gadjiwan i 40 år og er ute der kvar vinter som seniormisjonær, er svært klar i sin analyse av kva som står på spel. Ho seier: “Blir ikkje Nytestamentet og arbeidet med perespråket halde oppe, vil mykje av satsinga med å gi perefolket eit skriftspråk for 30 år sidan gå tapt. Men leveforholda og fattigdomen er verre enn det var for 30 år sidan, og dei har ikkje ressursar til å gjere dette åleine”. Etter den planen som no er lagt opp, reiser John Gunnar og Konstanse Raen til Gadjiwan for å jobbe med dette på nyåret 2013. NMS vil gi støtte til Raens reise og opphald, mens Det Norske Bibelselskap vil dekke kostnadene både til ny datamaskin for Pere-teamet og trykking av den nye utgåva med Nytestamentet og Salmane. Bibelselskapet i Kamerun har ansvar for den tekniske klargjeringa og trykkinga som truleg skal gjerast i Korea. Det er ikkje ressursar til ein full revisjon, men planen er at tekstane blir grundig gjennomgått for å rette opp feil og sikre at språket blir forstått av den nye generasjonen. Til det trengst ei samansett gruppe av eldre og yngre som les og kontrollerer. Dette arbeidet er allereie begynt og manuskriptet skal klargjerast under Raens opphald neste år. Dermed kan vi ha håp om å få ei ny og oppdatert utgåve av Nytestamentet og Salmane for nye generasjonar av perefolket.

Tekst: Konstanse Raen
Foto: Dag K. Smemo