Gå til innhold

6 Men da jeg var underveis og nærmet meg Damaskus ved middagstid, strålte det plutselig opp et lys fra himmelen rundt meg.

Foto:

Bibelbutikken i Istanbul vart spart

27. august 2013.

Bibelselskapet i Tyrkia har to bibelbutikkar på gateplan. Butikken i Istanbul ligg midt i området der det var uro i sommar, men butikken heldt open gjennom heile perioden. Generalsekretær Tamar Karasu (37) opplever at mange oppsøkjer bibelbutikkane for å lære meir om kristen tru.

– Bibelbutikken vart spart gjennom prioden med uro, seier Tamar. – Bibelbutikken vår er viktig, eg skulle ønskje at han aldri var stengd! Vi kunne hatt han open heile døgnet, sju dagar i veka. Ja, de vil ikkje tru kor mange som kjem innom på ein kveld – og kor mange koppar te vi drikk med dei, ler Tamar.
– Vi skulle gjerne hatt fleire slike butikkar, i andre byar.

Av 75 millionar menneske i Tyrkia tilhøyrer færre enn 100 000 ei kristen kyrkje. Men i bibelbutikken veit folk at dei kan møta kristne.
– Folk kjem til bibelbutikken og spør, og då kan vi fritt fortelja om Jesus. For det er lov å dele trua si med andre. Av og til kjem folk for å protestere mot oss. Men mange kjem også for å finna nokon å snakke med.

Bibelselskapet i Tyrkia distribuerer biblar, både gjennom eigne butikkar og gjennom sekulære bokhandlarar.
– Folk ringjer stadig til oss og spør etter biblar. Men vi treng meir pengar for å trykkje fleire. Det finst sikkert 100 utgjevarar av muslimsk litteratur i Tyrkia, men det er berre vi i Bibelselskapet som gjev ut kristen litteratur.

Tamar fortel om eit fengselsarbeid som starta med eit initiativ frå fangane sjølve. – For nokre år sidan fekk vi brev frå eit fengsel. Nokre fangar ønskte å få tak i ein bibel. Vi hadde eigentleg ikkje råd til å senda gratis biblar, men vi valde å gjera det likevel. Så kom det fleire brev, frå andre fangar som òg ville ha biblar. No har vi sendt biblar til minst 200 fangar i dette og andre fengsel. – Vi har også distribuert 1500 biblar til studentar. Dei som kjem til seminara våre på universitetet, er svært interesserte og seier: «Dette har vi aldri høyrt om før. Ingen andre fortel oss kva kristendom er».

Bibelselskapet i Tyrkia er avhengig av støtte utanfrå for å distribuere biblar.
– Hjå dykk betaler kyrkjene for biblane dei kjøper, men her er det vi som betaler kyrkjene for biblane, seier Tamar og ler. – Kyrkjene får kjøpa biblar til svært låg pris. Difor treng vi støtte utanfrå.

Tamar minner oss om at Tyrkia er eit bibelsk land.
– Vi har laga eit hefte med Apostelgjerningane og Paulusbreva, der vi trykkjer mange bilete frå vårt eige land. Fotografia viser alle stadene i Tyrkia som er nemnde i tekstene. Det var faktisk her i landet dette skjedde! Folk i Tyrkia trur at Bibelen er noko framandt som kjem utanfrå, men desse skriftene handlar verkeleg om vårt eige land. Tamar kjem til slutt med ei utfordring: – Be for oss, og for Bibelselskapet i Tyrkia!