Gå til innhold

15 Da de var ferdige med måltidet, sier Jesus til Simon Peter: «Simon, sønn av Johannes, elsker du meg mer enn disse?» Han svarte: «Ja, Herre, du vet at jeg har deg kjær.» Jesus sier til ham: «Fø lammene mine!»

Ehab Tanas, leder til Det egyptiske Bibelselskap, på besøk i Norge., Foto: Bjørn Håkon Hovde

Foto: Ehab Tanas, leder til Det egyptiske Bibelselskap, på besøk i Norge., Foto: Bjørn Håkon Hovde

- Folk ser kor vakker Jesu lære er

06. desember 2013.

I august vart to bibelbutikkar i Egypt rasert, og over 60 kyrkjer har vorte brent. Men responsen frå dei kristne har vore fredeleg og full av kjærleik. Det Norske Bibelselskap sender pengar og støttar gjenoppbygginga av dei to bibelbutikkane.

I august vart to av bibelbutikkana til Det egyptiske bibelselskapet rasert og brent av ekstremistar. Det same skjedde med over 60 kyrkjer og mange offentlege bygningar i landet. Korleis reagerte dei kristne på valden? Ehab Tanas (56) er leiar for sal og innsamling i Bibelselskapet i Egypt.Han var i Noreg i slutten av oktober.

- Først følte mange på sinne. Men så vart vi minna om korleis kristne skal reagere. I alt det dei kristne har sagt og gjort, har det vore ei ånd av tilgjeving og ekte kjærleik. Mange muslimar har lagt merke til den fredelege responsen. Ekstremistane er nok skuffa over at dei ikkje har klart å provosere oss. - Ein annan reaksjon er fulle kyrkjer. I mange av dei kyrkjene som vart brent, kom det endå meir folk enn vanleg på den følgjande sundagen.

Ehab understrekar at det er Jesu ord som inspirerer dei:

- Dette er Jesu ord frå Bergpreikai praksis: «Elsk fiendane dykkar!» Folk trur ikkje at det er mogleg å leva etter dei, men reaksjonen frå dei kristne i Egypt viser at det går an, også i dag, og at dette rører ved hjartet til folk, også ikkje-kristne. Vi har sett fredelege muslimar stå hand i hand og verne kristne kyrkjer frå flokkar med opprørarar.

I dei to butikkane brende ekstremistane både biblar og alt anna materiale.

- Alle egyptarar er sjokkerteav det som har skjedd.Men valden mot dei kristne er ein del av det som skjer i heile landet. Seinast for nokre dagar sidan vart fire menneske drepne i eit åtak på ei kyrkje i Kairo, og 18 vart skadde. Likevel strøymer folk til kyrkjene.

Bibelselskapet har arbeidd i Egypt i 130 år, og det er fyrste gong noko slikt skjer. I mange hundre år var det eit godt og fredeleg forhold mellom kristne og muslimar, seier Ehab. Men dei siste åra har ekstremismen auka. Kva treng dei kristne i Egypt i denne situasjonen?

- Vi har kjent oss overfløymtmed kjærleik og omsorg frå brør og systrer i Kristus. Nesten alle bibelselskapa i verda har skrive eller ringt for å støtte oss. Be for Egypt og heile Midtausten. Be også for Bibelselskapet, slik at det vi utviklar av bøker og materiell kan vera det rette i denne tida.

Ehab ser det som dei kristne må gjennomgå, som ein del av det heile landet må bera, for det er ikkje berre kyrkjer og bibelbutikkar som har vorte utsette for åtak. Ehab seier at dei kristne gjerne vil bera lidingane, fordi dei elskar landet sitt.

- Vi vil gjera det beste for folket vårt. Vi vil vise at vi kan leva saman med den nestekjærleiken som Bibelen lærer oss. For det er Bibelen som har lært oss korleis vi skal reagere. Alle som les Bergpreika, kjenner at dette er ein ekte bodskap frå Gud til oss. Same kva bakgrunn folk har, ser dei at verda treng Jesu ord om tilgjeving og offervilje. Dersom alle levde etter Bergpreika, ville mange av problema i verda forsvinne.