Gå til innhold

39 Noen dager senere dro Maria av sted og skyndte seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda

Foto:

- Behovet for biblar er enormt

14. mai 2014.

«Bodskap om håp» heiter nytestamentet som Bibelselskapet i Ukraina i desse dagar trykkjer opp og deler ut gratis. Her er alle ord som handlar om håp og fred utheva med gult. Norske bibelvener er med og finansierer dette nytestamentet.

Ein av medarbeidarane våre hadde med seg ein stor stabel med «Bodskap om håp» til Maidanplassen. Han plasserte stabelen med bøker på eit bord, snudde seg og tok nokre steg unna for å ta bilete av dei. Då han snudde seg att, var alle bøkene rivne bort.
- Alle ønskjer seg dette nytestamentet, fortel Anatoliy Raychynets i Bibelselskapet i Ukraina.

Anatoliy fortel vidare om fulle kyrkjer under påskefeiringa denne våren. Aldri før etter jarnteppets fall i 1990 har så mange menneske i Ukraina kome til kyrkjene i påska. Over heile landet har kyrkjene vore fulle av menneske som har samla seg om Guds håp og fred. Kristne frå alle kyrkjesamfunn har knelt ned, side om side med menneske som aldri har gått i kyrkja før.

- I denne åndelege oppvakninga er behovet for biblar enormt. Vi i Bibelselskapet har fått hundrevis av spørsmål om biblar. På Facebook fortel både kyrkjer og frivillige at dei deler ut biblar til folk. Dei fortel at dei kunne ha delt ut endå fleire biblar, om dei berre hadde hatt tilgang på fleire, seier Rostyslav Stasyuk i Bibelselskapet.

Også mellom dei militære styrkane er det åndelege behovet stort. I søraust heldt kyrkjene påskegudstenester saman med dei ukrainske soldatane. Med hjelp av høgtalarar vart også dei russiske soldatane frå den andre sida av grensa mot Krim inviterte til påskefeiring.

Etter litt nøling kom også dei russiske soldatane bort til dei. Soldatane fekk tradisjonelle, nybakte påskebrød og deltok i påskefeiring saman med dei ukrainske soldatane. Påskefeiringa knytte broderfolka saman, trass i den politiske spenninga. Fleire av russarane gav uttrykk for at dei syntest den spente situasjonen var frykteleg, og at dei ikkje støtta det som hende.

I denne situasjonen har Bibelselskapet produsert ei særskild utgåve av nytestamentet der alle ord om håp er utheva med gult. Gåver frå norske bibelvener har finansiert ein stor del av dei 28.000 nytestamenta som er trykte til no. 14.000 av bøkene er trykte på ukrainsk og 14.000 på russisk. Bibelselskapet i Ukraina ønskjer å trykkje endå mange fleire, sidan behovet er omtrent umetteleg, så snart dei har fått midlar til dette.

Orda som er utheva i nytestamentet, er bibelvers som handlar om håp og fred, om Guds kjærleik og om bønesvar. Eit av avsnitta som lyser mot deg når du opnar boka, er dette:

«Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!» (Joh 14,27)

Rostyslav Stasyuk i Det ukrainske bibelselskapet kjem med denne ettertanken:

- Hendingane den siste tida har lært oss ei dyrkjøpt sanning: Vi kan ikkje vita kva som hender i morgon, men vi veit at Herren er nær, og at hans omsorg for oss aldri tek slutt. Så vi feirar det evige håpet og Guds kjærleik og vil la han gjennomføre sin plan i våre liv!