Gå til innhold

46 Da sa Maria:

- Skjellet er eit eldgammalt symbol for oppstode og nytt liv. Før var det eit symbol for Afrodite, men i kristen tid vart det eit teikn på kristninga av Middelhavsområdet. Vi finn det ofte på kristne gravstader. Dette skjellet kom for dagen under utgravingar ved den store basilikaen i Tipasa.

Foto: - Skjellet er eit eldgammalt symbol for oppstode og nytt liv. Før var det eit symbol for Afrodite, men i kristen tid vart det eit teikn på kristninga av Middelhavsområdet. Vi finn det ofte på kristne gravstader. Dette skjellet kom for dagen under utgravingar ved den store basilikaen i Tipasa.

- Det er eit mirakel

14. august 2014.

Jan Opsal er dosent i religionsvitskap ved Misjonshøgskolen og kjenner kyrkjehistoria i Algerie svært godt. Han ser den sterke veksten i talet på kristne som eit under.

Jan Opsal
- Kyrkjeveksten i Algerie er eit mirakel. Misjonsinnsats gjennom mange år førte ikkje til store synlege resultat, men i ein periode som har vore vanskeleg for landet,har vi hatt ein oppsiktsvekkjande kyrkjevekst. Opsal peikar på to andre faktorar bak den sterke veksten:

- I åra etter 1990 var landet i ei djup krise, og i krisetider blir folk ofte søkjande. Denne krisa vart dessutan sett i samanheng med islam; folk såg at radikale muslimar utøvde vald. Det fekk mange til å søkje til den kristne trua.

- For det andre stadfester kristendomen den gamle kabyliske identiteten for mange, medan islam blir kobla til arabisk språk og identitet. Men det er viktig å få fram at også mange med arabiske røter har kome til kristen tru.

Mellom ein tredel og ein firedel av folket i Algerie snakkar kabylisk. Denne folkegruppa har ofte vorte kalla for «berbarar».

- «Berbarar» var det gamle romerske ordet for folk som ikkje snakka romersk. Folket sjølv kallar språket sitt «amazigh». Kabylisk er ei gruppe dialekter innan amazigh.Av alle som snakkar amazigh, dekkjer kabyliske dialekter halvparten.

- Det nye testamentet var den første boka som vart trykt på kabylisk. Det er berre ti år sidan Algerie endra språkpolitikken sin totalt overfor dei kabylisktalande. No er kabylisk stadfesta som eit nasjonalspråk i Algerie, sjølv om arabisk framleis er det offisielle språket.

- Å rekne kabylisk som eit nasjonalspråk var ei radikal endring. Før var det kabyliske språket undertrykt. Men no er det tillate å undervise i kabylisk i skulen.

Den kristne trua spreidde seg tidleg rundt heile Middelhavet. Før den arabiske invasjonen på 600-talet var det så mange som 40.000 kyrkjer i Nord-Afrika, seier Opsal. Etter at den kristne trua nesten var borte, reknar ein i dag med at det er fleire enn 100.000 kristne i landet.

- Det slår meg kor modige og frimodige mange av dei evangeliske kristne er. No er dei så mange at regimet ikkje kan slå hardt ned på dei.

- Kva har Bibelen å seia for den sterke kyrkjeveksten?

- Bibelen har mykje å seia. For det kabyliske folket er det viktig å få Bibelen på sitt eige språk. Arabisk er eit framandspråk for dei, og det blir forbunde med språkleg og kulturell undertrykking. Ei kabylisk omsetjing av Bibelen talar på ein heilt annan måte til hjartet.