Gå til innhold

44 Så sa han til dem: «Det var dette jeg talte om da jeg ennå var sammen med dere og sa at alt måtte oppfylles som står skrevet om meg i Moseloven, hos profetene og i Salmene.»

President Joel Ortega Dopico i Rådet av kyrkjer på Cuba (t.v) overrekkjer ein studiebibel til visepresidenten på Cuba, Miguel Diaz-Canel (52).

Foto: President Joel Ortega Dopico i Rådet av kyrkjer på Cuba (t.v) overrekkjer ein studiebibel til visepresidenten på Cuba, Miguel Diaz-Canel (52).

Ein million biblar til Cuba

14. august 2014.

Hittil i 2014 har ni ulike bibelselskap gjeve pengar til biblar på Cuba. Takka vere gjevarane våre har Det Norske Bibelselskap gjeve mest av alle så langt, med tre millionar kroner.

Målet er å finansiere ein million biblar på tre år, til ein kostnad av 25 millionar kroner. Utdelinga er no i gang i kyrkjene, melder Bibelkommisjonen på Cuba. Biletet viser president Joel Ortega Dopico i Rådet av kyrkjer på Cuba, som overrekkjer ein studiebibel til visepresidenten på Cuba, Miguel Diaz-Canel (52), under eit møte i Rådet av kyrkjer i Latin-Amerika i 2013.