Gå til innhold

1 For øvrig, søsken, ber og oppfordrer vi dere i Herren Jesus: Dere har mottatt og lært av oss hvordan dere bør leve og være til glede for Gud, og slik lever dere allerede. Men dere må gjøre enda større fremskritt i dette!

Bibelselskapa i Serbia og Kroatia hjelper folket i Bosnia med naudhjelpspakker.

Foto: Bibelselskapa i Serbia og Kroatia hjelper folket i Bosnia med naudhjelpspakker.

Serbia og Kroatia hjelper Bosnia

14. august 2014.

Etter den øydeleggjande flaumen på Balkan i mai har bibelselskapa i Serbia og Kroatia gått saman om å hjelpe folket i Bosnia.

I samarbeid med Raudekrossen, katolske Caritas og den serbisk-ortodokse kyrkja har dei delt ut naudhjelpspakker med ullteppe, reint vatn, mat og hygieneartiklar. Dei har òg delt ut bibeltekster, for å gje åndeleg trøyst ved sida av praktisk naudhjelp.

- Det er viktig å gje trøyst gjennom Guds Ord til dei som har det vanskeleg, seier Vera Mitic, generalsekretær i Bibelselskapet i Serbia, som sjølv var med på utdelinga i Bosnia.