Gå til innhold

37 Jerusalem, Jerusalem, du som slår profetene i hjel og steiner dem som er sendt til deg! Hvor ofte ville jeg ikke samle barna dine som en høne samler kyllingene under vingene sine. Men dere ville ikke.

- Det er Bibelen som har ført meg hit eg er i dag. Eg var berre eit av mange såkorn som Gud planta rundt omkring på Cuba i dei vanskelege åra. I dag ser vi at det spirer overalt. Det seier Joel Ortega Dopico.

Foto: - Det er Bibelen som har ført meg hit eg er i dag. Eg var berre eit av mange såkorn som Gud planta rundt omkring på Cuba i dei vanskelege åra. I dag ser vi at det spirer overalt. Det seier Joel Ortega Dopico.

- Alt starta med Bibelen

04. desember 2014. Hans J. Sagrusten

Joel Ortega Dopico (43) gjesta Noreg på Bibeldagen 2014.Som president i rådet av kyrkjer på Cuba er han også formann i styret for Bibelkommisjonen, som tilsvarar Bibelselskapet i Noreg. Her er historia om hans veg til kristen tru.

– Då eg var liten, var det ingen i familien min som gjekk i kyrkja. Far min hadde vakse opp som katolikk, men var ein ihuga kommunist.

– Som barn var eg glad i bøker. Eg las blant anna boka om Kon-Tiki-ferda til Thor Heyerdahl. Men då eg var 12 år gammal, såg eg ei heilt spesiell bok heime hos ein kamerat. Boka hadde svart omslag med bokstavar i gull. Eg skjøna at det var ein bibel, sjølv om eg aldri hadde sett ein.

Joel fortel at Bibelen hadde ei underleg tiltrekkingskraft på han. Han spurde mor til venen sin om han kunne få låne boka.

– På denne tida var det farleg å bera ein bibel så andre såg det. Det var omtrent som å bera på ei bombe. Så eg pakka inn Bibelen i eit omslag, som ei skulebok, og bar pakka gøymd under jakka.

– Eg byrja å lesa om nettene, under myggnettingen. Eg las heile Bibelen, heilt frå Første Mosebok til Johannes’ Openberring. Det var mykje som eg ikkje skjøna. Så eg tenkte: Eg må gå til kyrkja for å lære meir. Der snakkar dei om slikt som det står om i boka.

Den første søndagen var det eit kolossalt regnvêr, så Joel var den einaste som kom til kyrkja. Men han kom attende neste søndag, og han byrja å gå i kyrkja kvar helg.

– Heime visste dei ingen ting. Eg sa at eg gjekk på kino eller i dyrehagen. Det var ytre sett lite som lokka meg i kyrkja. Det var mest gamle damer der, og musikken var frykteleg. Eg veit ikkje kven som var eldst; pianoet eller ho som spela på det. Men det var orda i Bibelen som drog meg.

– Pastoren var ein klok mann; han skjøna at eg måtte få ei oppgåve. Så han synte meg ei gammal stensilmaskin med sveiv og gav meg ansvaret for maskina. No vart kvar torsdag eit høgdepunkt for meg. Då stod eg og sveiva ut kopiar av bibeltekster. Desse stensilerte arka var biblane vår på 1980-talet.

I seks år gjekk Joel i kyrkja i løynd. Ingen heime visste at han var ein kristen.

– Eg visste at familien min ville bli knust av å høyre at den einaste sonen deira var kristen. For på 60-, 70- og 80-talet vart kristne undertrykte på Cuba. Ein hamna sist i køen når ein søkte på arbeid, og ein kunne gløyme å gjera karriere innan mange viktige yrke. Somme gonger kasta folk stein gjennom rutene når vi heldt gudsteneste.

Då Joel vart 18 år, kom han til eit vendepunkt. Han hadde byrja å studere, men skjøna snart at han skulle bli pastor. Så han slutta på skulen og vart døypt.

– Til slutt fortalde eg heime at eg var ein kristen og ville bli pastor. Eg såg at det var vondt for familien min, men eg måtte fortelja det til slutt. Men no er alle i familien min og alle venene mine kristne.

– I dag er eg president i rådet av kyrkjer på Cuba. Og det heile starta med at eg såg ein bibel heime hos kameraten min …. Joel tørkar ei tåre før han avsluttar, med fast blikk:
– Det er Bibelen som har ført meg hit eg er i dag. Eg var berre eit av mange såkorn som Gud planta rundt omkring på Cuba i dei vanskelege åra. I dag ser vi at det spirer overalt.