Gå til innhold

26 Men da Elisabet var i sjette måned, ble engelen Gabriel sendt fra Gud til en by i Galilea som het Nasaret,

Ei trufast kvinne var spira til den store, blomstrande kyrkja i Varadero, vest på Cuba.

Foto: Ei trufast kvinne var spira til den store, blomstrande kyrkja i Varadero, vest på Cuba.

- Det var éi som var trufast

04. desember 2014. Hans J. Sagrusten

Joel Ortega Dopico (43) er også pastor i ei blomstrande kyrkje i Varadero, vest på øya. Men i mange år bestod denne kyrkja av éi kvinne.

– Etter revolusjonen i 1959 var det att berre fem-seks menneske i kvar kyrkje på Cuba. I kyrkja mi i Varadero var det att éi kvinne: Rita Rodriguez. Men kvar veke reiste ein pastor fleire mil for å halde gudsteneste saman med henne. I fleire år var det berre ho, pastoren og familien hans som heldt gudsteneste, heime i huset til Rita. Så kom det nokre til. På 1990-talet var dei så mange som 25.

– I dag er det 120 vaksne medlemmar i kyrkja. Vi har fire huskyrkjer rundt om i byen og ei ny misjonskyrkje i ein annan del av byen, med 60 medlemmar. Det er 200 born på sundagsskulen vår.

– Denne store kyrkja finst i dag fordi éi kvinne var trufast. Det vi ser på Cuba i dag, er likninga om såkornet i praksis: Det startar med nokre få korn som spirer her og der. Men no har desse få korna vorte til ein stor haust.

– På Cuba har vi levd gjennom dei harde tidene då sola steikte og brann og såkornet fall på steingrunn. Vi har levd gjennom tida med krattet som ville kvele såkornet. No er det tida for den gode jorda. Folket på Cuba er mottakelege for Ordet frå Gud. Men no manglar vi såkorn!

– Det vi treng aller mest, er biblar. Mange har ikkje sin egen bibel. I den nye misjonskyrkja vår er det berre tre av 60 medlemmar som har ein bibel. Tenk deg korleis det er å drive ei forsamling utan biblar!