Gå til innhold

37 Jerusalem, Jerusalem, du som slår profetene i hjel og steiner dem som er sendt til deg! Hvor ofte ville jeg ikke samle barna dine som en høne samler kyllingene under vingene sine. Men dere ville ikke.

Qin Xiaoping (51) fekk polio som 3-åring, men lærte å gå som 14-åring. Ho held no på å slita ut den fjerde bibelen sin. (Foto: Dag K. Smemo)

Foto: Qin Xiaoping (51) fekk polio som 3-åring, men lærte å gå som 14-åring. Ho held no på å slita ut den fjerde bibelen sin. (Foto: Dag K. Smemo)

Det starta med éin bibel

04. desember 2014. Hans J. Sagrusten | Foto: Dag K. Smemo

Det byrja med tre personar som las Bibelen saman i 1977. I dag har dei vorte til fire kyrkjer med til saman 270 medlemmar. Qin Xiaoping (51) var ein av dei tre. Det heile starta med éin bibel, og ho var den einaste som kunne lesa.

– Mor mi hadde gøymt unna ein bibel som politiet ikkje fann under kulturrevolusjonen. Der låg han i over ti år, lengst inne på eit lagerrom. Då eg var 14 år, fann mamma fram att den gamle bibelen.

Foreldra til Qin Xiaoping var bønder og hadde aldri lært å lesa. Difor spurde mora om dottera kunne lesa for henne, og for ein ven som også var kristen. Slik hende det at dei tre byrja å møtast kvar einaste kveld, for å lesa i Bibelen. På eit år las dei gjennom heile Bibelen.

– Eg kunne først ikkje lesa dei gamle skriftteikna, for på skulen lærte vi berre den nye, forenkla skrifta. Men gradvis lærte eg å lesa også dei gamle teikna, seier ho.

Det som starta i det små, har no vorte til ei stor kyrkje i Zhangjiajie. For då regjeringa letta på restriksjonane, vart det fleire som kom for å høyre på bibellesinga. Ordet spreidde seg til naboane, og snart var det fem som samlast, så ti og femten.

Då dei var tretti, var det ikkje plass til dei heime hos familien til Qin Xiaoping lenger, og dei kjøpte eit gammalt hus som dei gjorde om til kyrkje. I 2006 var dei 80 medlemmar, og den nye kyrkja vart bygd. I dag tel dei 270 medlemmar i denne kyrkja og i tre nye småkyrkjer som er avleggjarar frå denne.

– Under kulturrevolusjonen vart alle biblar og kristne bøker brende. Viss politiet fann ein bibel heime hos folk, vart bibelen brend og eigarane straffa, fortel Qin Xiaoping.

Men denne eine Bibelen som slapp unna øydeleggjingane, vart spiren til ei stor kyrkje. Liknande historier høyrer vi over heile Kina. Dei få biblane som overlevde kulturrevolusjonen, vart såkornet til den nye kyrkja i Kina.

Qin Xiaoping les stadig i Bibelen.

– Hittil har eg slite ut fire biblar. Dette er den fjerde, seier ho og held godt omkring ein velbrukt bibel. Ryggen på bibelen er teipa for å halde han saman.

Ho har ikkje berre lese Bibelen; ho har også handskrive ein heil bibel. Sjølv om ho lærte å lesa den tradisjonelle skrifta, ville ho gjerne ha ein bibel med dei nye skriftteikna. Difor kopierte ho heile Bibelen for hand. Den handskrivne bibelen vart dessverre øydelagd i ein flaum, saman med den første bibelen hennar.

Ho fekk polio då ho var tre år gammal. Fram til ho var 14 år måtte faren bera henne til skulen. Som 14-åring hadde ho mykje vondt i beina, og då ho spurde mora om hjelp, svara ho: «Be til Gud om å bli frisk, og du skal bli frisk!» Etter bøna klarte ho å gå. Det var denne opplevinga som gjorde at ho kom til kristen tru.

Mora hennar er død no. Også far hennar vart kristen som gammal, då han var pensjonist. I dag er Qin Xiaoping gift og har to born; ein son på 24 år og ei dotter på 30. Både mannen og borna hennar er kristne.

– Alle spør om eg kan be for dei, seier Qin Xiaoping.

Når ho ser attende på åra etter 1977 og korleis det har vorte ei stor kyrkje av den vesle bibelgruppa, seier ho:

– Eg er så takksam til Gud for hans velsigning og nåde. Sjølv om eg har hatt polio og er funksjonshemma, er eg takksam til Gud. Og eg er veldig takksam for Bibelen. For gjennom Bibelen erfarer eg Guds kjærleik!