Gå til innhold

72 Han viste miskunn mot våre fedre
og husket på sin hellige pakt,

Alfred Kimonge er prosjektansvarleg i Bibelselskapet i Tanzania. (Foto: Hans Johan Sagrusten)

Foto: Alfred Kimonge er prosjektansvarleg i Bibelselskapet i Tanzania. (Foto: Hans Johan Sagrusten)

- Gud snakkar alle språk

08. juli 2014. Hans Johan Sagrusten

Det er fleire enn 120 språk i Tanzania. Men Gud kan bruke alle språk, og han vil tale med alle menneske på hjartespråket deira, seier Alfred Kimonge i Bibelselskapet i Tanzania.

- Vi har fleire enn 120 språk i Tanzania, men heile Bibelen er omsett til berre seks av dei. Det nye testamentet er omsett til omkring 15 andre språk.

- Vi hadde ikkje Bibelen på morsmålet mitt då eg voks opp. Men no er nytestamentet omsett til tre av dei 40 dialektene i språket mitt. og arbeidet med å omsetja heile Bibelen er i full sving.

- Så du har ein gong hatt erfaringa av å lesa Bibelen på morsmålet ditt for første gong?

- Ja visst. Før trudde vi at Gud berre tala visse språk, dei språka som pastorane brukte. Som liten trudde eg ikkje at Gud kunne bruke morsmålet mitt. Men no har vi erfart at Gud snakkar alle språk. Gud talar til alle menneske på deira eige språk, når dei har fått Bibelen på morsmålet sitt.

- I Johannes’ Openberring ser vi at alle menneske, frå alle nasjonar, med forskjellige språk og med ulik bakgrunn, skal møtast framfor Guds trone. Gud har gjeve oss forskjellige språk med ei hensikt, for han vil kommunisere med oss på vårt eige hjartespråk. Difor skal ingen språk marginaliserast. Og difor må alle språkgrupper få Guds Ord på sitt eige hjartespråk.

- Gud gav alle menneske eit språk som dei kan forstå, og at når dei talar til han på det språket, kan dei tala betre enn på noko anna språk. For det er morsmålet deira, som dei aldri har gått på skule for å lære.

Bibler på alle språk

Torstein Hansen skaffer bibler på alle språk.
Torstein Hansen har ansvar for Bibelselskapets salg av bibler på "utenlandske språk".

Bibler på andre språk finner du i Nettbokhandelen.
Kontakt Torstein dersom du ikke finner Bibelen på det språket du er på utkikk etter: