Gå til innhold

1 En bønn av David.

Vend øret til, Herre, svar meg,
for jeg er hjelpeløs og fattig!

Lawrence Tam (35) er komminikasjonsleiar i Bibelselskapet i Skottland. (Foto: Hans Johan Sagrusten)

Foto: Lawrence Tam (35) er komminikasjonsleiar i Bibelselskapet i Skottland. (Foto: Hans Johan Sagrusten)

- Eg har éin identitet, og det er å vera eit barn av Gud

11. august 2014. Hans J. Sagrusten

Lawrence Tam gjorde karriere innan finansverda, men følte at han mangla sin eigen identitet. No bruker han evnene sine i Bibelselskapet og føler at han endeleg har funne identiteten han lengta etter.

– Eg arbeidde innan finans, bank og forsikring i 11 år. Eg dreiv med digital marknadsføring av finansielle tenester på internett og samarbeidd med firma som Google og MSN, fortel Lawrence Tam.

– Men fordi eg var blitt kristen, bestemte eg meg for å gjera noko anna. Eg ville gjera ein forskjell og hjelpe menneske. Eg ville bruke dei gåvene som Gud har gjeve meg, i arbeidet mitt, seier han.

– Det var faktisk ein kollega på jobben som tipsa meg om stillinga i Bibelselskapet. Eg hadde site rett ovanfor henne i tre år og arbeidd i lag med henne kvar dag. Ho var ikkje kristen, men ho visste at eg såg meg om etter noko anna. Då ho såg stillingsannonsen frå Det skotske bibelselskapet, spurde ho om dette var noko for meg. Gud brukte det kristne vitnemålet eg hadde delt på arbeidsplassen min i eit sekulært selskap, til å leie meg inn i Bibelselskapet.

– Sjefen min bad meg om å bli verande. Eg kunne få arbeide for ein ideell organisasjon tre månader i året, om eg berre ville bli verande, sa han. Men eg sa nei takk. «Det er dei ni andre månadene eg ikkje vil bli happy med», sa eg. Så sjølv med tilbod om forfremjing og større fleksibilitet, visste eg at det var Gud som kalla meg til å gå vidare. Somme gonger er ikkje materiell framgang så viktig som å oppfylle det hjartet ditt ønskjer og å tene Gud.

– Eg voks ikkje opp i ein kristen familie. Eg trudde ikkje på Gud og følte ikkje at eg trong Gud i livet mitt. Eg tenkte at kristne var folk som sa ein ting og gjorde noko anna, og at kristendom var for gamle folk.

– Men heile livet har eg opplevd å ha to identitetar: Eg er kinesisk og bur i Skottland, men er verken skotsk eller kinesisk. Heile livet har eg streva med dette, og eg følte ikkje at eg høyrde til nokon stad. Men då eg hadde byrja i den første jobben min, følte eg at livet måtte vera noko meir enn ein god jobb, ein fin bil og eit fint hus. Då var det eg vende meg til Bibelen.

– Då eg kom til Efesarbrevet, der det står at vi alle høyrer til den same kroppen, følte eg at Gud tala til meg. Då eg sa ja til Jesus i hjartet mitt, følte eg at eg endeleg fann identiteten min. Eg hadde ikkje lenger to identitetar, eg hadde éin og det var å vera eit barn av Gud. Det var viktigare enn rase og alt anna.

– I dag er eg kommunikasjonsleiar i Bibelselskapet. Oppgåva mi er å fortelja kva Bibelselskapet i Skottland gjer, å gje informasjon til gjevarane våre om bibelomsetjing og bibelspreiing over heile verda, og å invitere gjevarane våre til å be for prosjekta våre og støtte arbeidet med gåver.