Gå til innhold

26 Når Talsmannen kommer, han som jeg skal sende dere fra Far, sannhetens Ånd som går ut fra Far, da skal han vitne om meg.

– Barnebibelen vart så viktig for meg. Eg las heile boka på to dagar, frå første til siste sida. Eg kan framleis hugse kvar person og kvar einaste bibelhistorie som eg las, fortel erkebiskop Yevstratij. (Foto: Hans J. Sagrusten)

Foto: – Barnebibelen vart så viktig for meg. Eg las heile boka på to dagar, frå første til siste sida. Eg kan framleis hugse kvar person og kvar einaste bibelhistorie som eg las, fortel erkebiskop Yevstratij. (Foto: Hans J. Sagrusten)

Kom til tru gjennom den blå barnebibelen

07. januar 2015. Hans J. Sagrusten

Erkebiskop Yevstratij (37) kom til tru gjennom å lesa ein barnebibel frå Bibelselskapet. Etter jarnteppets fall var norske bibelvener med på å spreie denne bibelutgåva i Aust-Europa. I dag, meir enn 20 år seinare, ser vi kva ein barnebibel kan ha å seia i livet til ein ungdom.

Frå 1990 til 1993 trykte bibelselskapa over åtte millionar av den blå barnebibelen på russisk. Fire millionar av desse kom til Ukraina, og mange av dei var betalte av norske bibelvener. Ein av dei enda i hendene på ein 13- årig gut som heitte Ivan. I dag er guten vaksen og erkebiskop i den ukrainsk-ortodokse kyrkja.

Erkebiskop Yevstratij er berre 37 år gammal, men har ei rad med viktige posisjonar i kyrkja. Han er biskop i Chernihiy bispedøme, men er samtidig informasjonsansvarleg i kyrkja og vald til å representere den ukrainskortodokse kyrkja internasjonalt. I tillegg er han professor ved det ortodokse teologiske fakultetet i Kiev. Men det var ein barnebibel som førte han til tru.

– Kvar gong eg tenkjer på det, kan eg sjå denne bibelen for meg. Eg var 13 år gammal, og ei jente i klassa mi fortalde om barnebibelen sin. Eg spurde om å få låne boka nokre dagar.

– Denne barnebibelen vart så viktig for meg. Eg las heile boka på to dagar, frå første til siste sida. Eg kan framleis hugse kvar person og kvar einaste bibelhistorie som eg las.

Eit år seinare fekk han sin eigen barnebibel. Sidan, då han byrja å gå i kyrkja, fekk han ein heil bibel. Men han hugsar enno den blå barnebibelen.

– Eg hugsar kor nydeleg papir og trykk det var i boka. I Sovjet hadde vi ikkje bøker med slik kvalitet på illustrasjonar og fargar. Difor gjorde boka så sterkt inntrykk. Det er viktig for born å kunna sjå det dei les om. Difor var det ein god ide å lage ei slik bok, med både tekst og fargerike bilete, seier han.

Han voks opp i ein heim utan særskild religiøs påverknad. Foreldra var verken ateistar eller truande.

– Dei var enkle Sovjet-folk. Bestemor mi gjekk til kyrkja til jul og påske, men ho hadde lite kunnskap om trua. Ho hadde ingen kristne bøker og kunne ikkje lære meg så mykje.

Difor vart det barnebibelen som førte 13-åringen til trua. Foreldra hans reagerte ikkje negativt då han byrja å gå i kyrkja, heller ikkje då han byrja å studere teologi, eller då han 20 år gammal vart munk og seinare diakon, prest og biskop. I dag tenkjer han på barnebibelen med glede.

– Den blå barnebibelen vart ein hjørnestein i min kunnskap om den kristne trua. For i Sovjetunionen fanst det ingen kjelder der born kunne lære kven Gud er. Det fanst ingen måte å få kjennskap til bibelhistoria på, eller lære kven Jesus Kristus er. Det var heller ingen av venene mine som visste noko om den kristne trua. Det fanst ingen kristne bøker, og vi lærte ingen ting om trua på skulen.

– Den blå barnebibelen vart ei god kjelde for meg, som gav godt og helsebringande vatn til sjela.

Historia til erkebiskopen er tankevekkjande. Når vi no ser frukta av gåvene som vart samla inn på 1990-talet, kven veit kva frukter vi vil sjå om nye 20 år, av gåvene vi gjev i dag?

I september var erkebiskopen i Noreg, i samband med fredskonferansen mellom russiske og ukrainske kyrkjer som Det Norske Bibelselskap var vertskap for.

– Kyrkja er viktig for folket i Ukraina, særleg i denne tida med store utfordringar. Vi treng å lytte både til Gud, til Bibelen og til sanninga i denne vanskelege tida. I Bibelen har vi ein god hjørnestein, når vi skal byggje eit nytt Ukraina.

Ei viktig bibelutgåve

Den blå barnebibelen: Ei viktig bibelutgåve

– Den blå barnebibelen fekk ein heilt spesiell posisjon i Aust-Europa i åra etter jarnteppets fall, seier bibelmisjonsleiar Bernt G. Olsen.

– Vi høyrer ofte historier om kor viktige desse biblane var. Dei fekk stort gjennomslag i alle aldersgrupper. For på denne tida var det ein veldig lengsel etter Bibelen, men få biblar å få tak i.

– Også vaksne menneske las den blå barnebibelen. Ikkje minst var det mange bestemødrer som las denne bibelen for barneborna sine. Frukta ser vi i dag, i historier som denne.