Gå til innhold

9 En gang de hadde spist og drukket i Sjilo, reiste Hanna seg og trådte fram for Herrens ansikt. Ved dørstolpen til Herrens tempel satt presten Eli på stolen sin.

– Mange eldre menneske gjev dei har. Dei er så fattige at eg ofte tenkjer: Det er heller eg som skulle ha gjeve til dei. Men folk har så stor kjærleik til Bibelen. Dei gjev det dei har, og dei takkar oss for at vi vil starte ein bibelbutikk i byen deira, seier Ehab Tanas.

Foto: – Mange eldre menneske gjev dei har. Dei er så fattige at eg ofte tenkjer: Det er heller eg som skulle ha gjeve til dei. Men folk har så stor kjærleik til Bibelen. Dei gjev det dei har, og dei takkar oss for at vi vil starte ein bibelbutikk i byen deira, seier Ehab Tanas.

– Det var ei som gav eit egg

07. januar 2015. Tekst: Hans J. Sagrusten | Foto: Tor Tjeransen

Sjølv om mange i Egypt er fattige, er gjevargleda blant dei kristne stor. Det er mange som vil støtte bibelarbeidet - om dei så må gje avkall på sundagsfrukosten sin.

For femten år sidan låg gåveinntektene til Bibelselskapet på ein million kroner i året. Men no samlar dei inn 7 millionar kroner i året, fortel Ehab Tanas (57), som er sals- og økonomileiar i Bibelselskapet i Egypt. Berre det siste året har gåvene auka med 15 prosent.

Likevel er arbeidet til Det egyptiske bibelselskapet så stort og mangfaldig at dei er avhengige av gåver frå kristne i andre land. Gåvene frå Bibeldagen i Noreg vil hjelpe Det egyptiske bibelselskapet å realisere fleire prosjekt som spreier Bibelen til folket i Egypt.

– Når det er takkoffer til Bibelselskapet i ei kyrkje, er det gripande å sjå kva vi kan finne. Ein person hadde lagt gifteringen sin i konvolutten. Denne personen hadde ingen pengar å gje, men ville likevel gje noko til bibelarbeidet.

– Ein annan konvolutt var så tjukk og tung. Inni låg det eit egg. «Eg trur eg veit kven det er» sa presten til meg og peika ut ei eldre kvinne. «Dette egget er truleg det ho skulle ha til frukost i dag. Ho gav det einaste ho hadde, til bibelarbeidet».

– Mange eldre menneske gjev det dei har. Dei er så fattige at eg ofte tenkjer: Det er heller eg som skulle ha gjeve til dei. Men folk har så stor kjærleik til Bibelen. Dei gjev det dei har, og dei takkar oss for at vi vil starte ein bibelbutikk i byen deira.

Bibelselskapet har fleire enn 40 medarbeidarar som reiser på heimebesøk og samlar inn gåver frå faste gjevarar. Over heile landet oppsøkjer dei gjevarane heime og kjem inn i stova til dei. Men dei gjer meir enn å samle inn pengar; dei får òg ein personleg relasjon til gjevarane

– Ofte blir dei bedne inn for å lesa frå Bibelen, og for å be for familien. Det er både tidkrevjande og dyrt å drive innsamling gjennom husbesøk, men gjevarane blir veldig knytte til Bibelselskapet på denne måten - og vi til dei. Dei fleste gåvene er små; ni av ti er på mindre enn 50 kroner.

Kvart år er det mellom 700 og 800 kyrkjer som har ein eigen bibelsundag med takkoffer til Bibelselskapet, dei fleste av desse er koptiske kyrkjer. Ehab Tanas tenkjer attende på møtet med ein av dei koptiske biskopane.

– Vi snakka med han om feiringa av Bibeldagen, og han ønskte Bibeldagen varmt velkomen. Han ville gjerne at det skulle samlast inn gåver til Bibelselskapet. For, som han sa: «Det vi gjev, kjem òg attende til oss». Det er til sist kyrkjene sjølve som får glede av gåvene til Bibelselskapet, i form av rimelege biblar og bibelmateriell.

Det har vore tre år med uro i Egypt. Det har vore ei vanskeleg tid for mange kristne. Så mange som 60 kyrkjer vart brende i uroa, og to av bibelbutikkane til Bibelselskapet vart øydelagde. Mange kristne lever i uro og uvisse. Likevel har ikkje gåvene til Bibelselskapet minka.

– Det siste året har gåvene auka med 15 prosent, trass i - eller kanskje på grunn av - uroa i landet.

Innsamlingsarbeidet som Bibelselskapet i Egypt driv, er imponerande. Det er mange som ofrar mykje - langt meir enn mange av oss i Noreg - for at fleire skal få sin eigen bibel. No er det norske bibelvener sin tur til å gje - for å spreie Guds Ord i det mest folkerike landet i Midtausten.