Gå til innhold

14 
Siden vi har en stor øversteprest som har gått inn gjennom himlene, Jesus, Guds Sønn, så la oss holde fast ved bekjennelsen!

Skuletimane på «My school» går om att fleire gonger om dagen, slik at flest mogleg kan få dei med seg. (Foto: SAT-7)

Foto: Skuletimane på «My school» går om att fleire gonger om dagen, slik at flest mogleg kan få dei med seg. (Foto: SAT-7)

Sender håp til skuleborn på flukt

15. desember 2015. Tekst: Hans J. Sagrusten | Foto: SAT-7

Fem millionar syriske born er no på flukt og mistar verdifull skulegang. Den kristne TV-kanalen SAT-7 hjelper dei gjennom å sende skule-TV kvar dag.

«My School» heiter den største satsinga til SAT-7 i 2016. Kvar dag sender den kristne TV-kanalen nitti minutt med undervising i engelsk, arabisk og matematikk. Flyktningar over heile Midtausten kan få inn sendingane, som går om att fleire gonger om dagen på SAT-7 KIDS.

Av elleve millionar syriske flyktningar er fem millionar i skulealder. Når barneskulane er stengde på grunn av krig, mistar dei verdifull skulegang. Men i flyktningleirane i heile regionen kan born i alle aldrar no flokke seg rundt TV-apparatet for å få med seg to skuletimar kvar dag.

– Fleire enn 4000 barneskular i Syria er stengde på grunn av krigen, seier Kurt Johansen i SAT-7.

– Omkring fem millionar skuleborn er på flukt, anten internt i Syria eller i nabolanda Libanon, Tyrkia og Jordan. Ein heil generasjon av syriske born mistar verdifull skulegang.

Ein katastrofe på lang sikt

Dette er ein katastrofe med store konsekvensar på lang sikt. Dersom ein ikkje får utdanning, er vegen kort til både fattigdom og ekstremisme. Å gje borna undervising i dag kan vera med på å skape fred i Midtausten i framtida.

Over heile Midtausten kan ein få inn kanalen SAT-7 KIDS. Difor spurde programleiarane i SAT-7 seg: «Kva kan vi gjera for å hjelpe i denne situasjonen?» Svaret vart programmet «My School». Kvar dag blir det sendt to skuletimar i engelsk, arabisk eller matematikk via satellitt-TV.

– «My School» er blant dei viktigaste satsingane for SAT-7 neste år, seier Kurt Johansen.

– Det er ikkje mange i flyktningleirane som får inn internett, men ei parabolantenne og eit TV-apparat finn du nesten overalt. Difor er sendingar via satellitt-TV så effektive.

Ønskjer ein eigen kanal

Skuletimane går om att fleire gonger om dagen, slik at flest mogleg kan få dei med seg. Men aller helst ville Johansen ha starta ein eigen TV-kanal som berre sender skule-TV.

– Ein eigen kanal med skule-TV ville koste tjue millionar kroner, seier Kurt Johansen.

– Det høyrest kanskje mykje ut, men det er berre fire kroner per flyktningbarn! Tenk kor lite dette kostar, samanlikna med det å halde eit jagarfly i lufta!

– Men vi treng både meir pengar og meir kompetanse for å starte ein eigen kanal som sender skule-TV heile dagen, seier han.

– Hittil har vi berre kasta oss rundt og gjort det, fordi det var eit så sterkt behov for dette. Vi har gjort det saman med organisasjonen «Heart for Lebanon» og tre-fire dyktige lærarar frå Syria. men ein eigen kanal vil krevje mykje større ressursar.

Det kostar 8500 dollar (vel 70 000 kroner) å produsere nitti minutt med undervising, fortel Johansen.

Difor er dei avhengige av gåver for å halde fram med skule-TV. Gjevarane i Norden har lenge vore blant dei viktigaste støttespelarane til SAT-7.No håpar Johansen at norske gjevarar også vil støtte den verdifulle satsinga «My School».

– Kanalen vår formidlar ei haldningsendring som kan gje håp og framtidstru i heile regionen, seier Kurt Johansen.

– Bli med og send framtidshåp til skuleborn på flukt!

Bli fast giver til SAT-7!
Bli fast giver til SAT-7!

Vil du være med i en fast givertjeneste til SAT-7?

Tv-kanalen SAT-7 bringer evangeliet til mennesker i de østlige delene av Middelhavet. Kanalens sendinger kan sees over et område med 500 millioner mennesker, i Nord- Afrika, Gulf-statene og Midtøsten.

Over 10 millioner mennesker er faste seere av programmene.

Bli fast giver til SAT-7.


Rita Elmounayer (midten), leder for kanalen SAT-7 KIDS, på besøk i en flyktningleir med syriske barn i Libanon. (Foto: SAT-7)
Rita Elmounayer (midten), leder for kanalen SAT-7 KIDS, på besøk i en flyktningleir med syriske barn i Libanon. (Foto: SAT-7)
Tilbake til innholdsoversikten