Gå til innhold

37 Jerusalem, Jerusalem, du som slår profetene i hjel og steiner dem som er sendt til deg! Hvor ofte ville jeg ikke samle barna dine som en høne samler kyllingene under vingene sine. Men dere ville ikke.

Fra studio: «My school» på SAT-7

Foto: Fra studio: «My school» på SAT-7

«Dei ser på kvar dag»

15. desember 2015. Tekst: Hans J. Sagrusten | Foto: SAT-7

Mange skriv inn for å takke for «My School»-programma.

Ein familie med tre born på 8, 12 og 14 har flykta frå Aleppo, der heimen deira vart bomba i grus. Mor i familien fortel dette til ein av programleiarane:

«Borna mine ser på «My School»-programma fleire gonger kvar einaste dag. Denne tida på dagen er heilag for dei. Ingen får lov å koma til oss då, ikkje naboane og heller ikkje slektningar. Dei einaste som får sleppe inn, er syskenborna deira, slik at dei kan sjå på programma saman.

Dei tvingar meg til å sitja og sjå programma saman med dei, og til å sitja stille og lære. Ingen får lov til å verken prate eller røre på seg. Dei sit akkurat som dei gjorde i klasserommet før, for å få med seg det lærarane underviser på TV.

Dei skriv ned alt dei lærer. No har dei til og med fått meg, som er analfabet, til å byrje å lesa og skrive i arbeidsboka saman med dei.»

Gje ei gåve til SAT-7

.
Tilbake til innholdsoversikten