Gå til innhold

46 Da sa Maria:

Med vår støtte til bibelarbeidet i Ukraina kan fleire som Katerina få ein bibel som kan gje håp og trøyst. (Foto: Dag Kjær Smemo)

Foto: Med vår støtte til bibelarbeidet i Ukraina kan fleire som Katerina få ein bibel som kan gje håp og trøyst. (Foto: Dag Kjær Smemo)

Enkje på 25 år

15. desember 2015. Tekst: Hans J. Sagrusten | Foto: Dag K. Smemo

Katerina Zhovta er berre 25 år, men er alt enkje.

Mannen Dmytro reiste til fronten som frivillig. To gonger vart han såra, men ville attende. Dei gifte seg i september 2014, då han låg på sjukehus i Kiev. Berre to månader seinare miste han livet i nærleiken av Donetsk.

– Vi vart saman under demonstrasjonane på Maidan-plassen i Kiev. Han drog dit for å kjempa for fridom. «Lat meg dra, lat meg dra» sa han til meg. Han ville så gjerne verve seg til militæret for å forsvare landet sitt.

– Det hjelper meg å be. Når eg er åleine, har eg mange tankar. Men eg spør Gud kva eg kan gjera som vil vera bra for både meg og andre menneske.

Katerina har aldri hatt ein bibel. Ho får med seg to barnebiblar og ein vanleg bibel. Olena frå Bibelselskapet viser henne kvar Salmane står og seier ho kan byrje å lesa der.

Med vår støtte til bibelarbeidet i Ukraina kan fleire som Katerina få ein bibel som kan gje håp og trøyst.





Tilbake til innholdsoversikten