Gå til innhold

18 Da sa Herren Gud: «Det er ikke godt for mennesket å være alene. Jeg vil lage en hjelper av samme slag.»

Nazar (30) vart alvorleg såra under krigen i Aust-Ukraina. Kona Olena er lege og seier: - Det er eit mirakel at han overlevde. (Foto: Dag Kjær Smemo)

Foto: Nazar (30) vart alvorleg såra under krigen i Aust-Ukraina. Kona Olena er lege og seier: - Det er eit mirakel at han overlevde. (Foto: Dag Kjær Smemo)

– Folk tek med glede imot ein bibel

15. desember 2015. Tekst: Hans J. Sagrusten | Foto: Dag K. Smemo

Bibelselskapet i Ukraina skaffar biblar til mange som er råka av krigen. Gjennom frivillige medarbeidarar i kyrkjene når dei ut til familiane til døde og såra soldatar.

Vi møter Nazar (30) og familien hans i Lviv. Arra på halsen vitnar om skadane han fekk i krigen. Han var med i kampane for å forsvare flyplassen i Lugansk, lengst aust i landet.

Då dei til sist måtte trekkje seg attende, var Nazar ein av dei siste som forlét flyplassen. Dei måtte flykte gjennom fem mil med okkuperte område. Han vart teken til fange, og gjennom nitti dagar i fangenskap vart han grovt mishandla.

– Det er eit mirakel at han overlevde, seier kona Olena stilt. Ho er sjølv lege og har sett journalen over dei store hovudskadane han vart påført.

– Eg har alltid trudd på Gud, seier Nazar.

– Men heilt åleine i fangenskap var det vanskeleg. Då hjelpte det mykje at eg kunne be. Eg bad om å få ei bønebok, og det fekk eg.

– Eg sat heilt åleine i ein kjellar. Ein gong kom det ein prest til separatistane for å velsigne dei. Eg bad han koma og velsigne meg òg, fordi eg ikkje visste korleis det kom til å gå med meg, og det gjorde han.

– Det var vanskeleg å gå og vente på nytt om Nazar, seier Olena.

– Eg ville ikkje ha klart det utan bønene i kyrkja og støtta frå presten.

Kva tenkjer dei om framtida? Nazar seier

– Der det budde ti tusen, bur det no hundre menneske. Det vil ta ti år berre å fjerne alle minene som er lagt ut. Heile landsbyar er øydelagde - det vil ta lang tid.

Nazar og familien får ein barnebibel og familiebibel av Bibelselskapet før vi seier farvel.

Olha Babichuk (34) er frivillig medarbeidar i Caritas og hjelper familiar som er råka av krigen. Behovet for hjelp er stort, etter som døde og såra soldatar kjem attende frå fronten i aust.

– Vi gjev både klede, leiker og skulebøker til familiar som er råka av krigen, og vi lagar sommarleirar for borna. No har vi over 1500 born som vi prøver å hjelpe.

Ho nemner tre problem som familiar møter

– For det første er det økonomiske problem. Familien får inga løn når mannen er i krigen. Den minimale løna frå militæret rekk ikkje til klede og skor til familien. Difor har vi ei lang liste over familiar som treng hjelp.

– For det andre treng folk hjelp psykisk. Fedrar kjem heim med psykiske problem, og kvinnene går med uroa for at mannen kan vera død. Det finst ingen organisasjonar som arbeider med å hjelpe kvinnene.

– For det tredje får borna kjenslemessige problem. Dei høyrer nytt om krigen heile tida. Difor vil vi gje dei fri frå dette, med utflukter og sommarleirar i trygge rammer.

Kyrkjene har ein viktig funksjon seier Olha.

– Folk stoler meir på kyrkjene enn på nokon andre. Ein soldat som kom skadd heim frå fronten, sa til meg at han mykje heller ville snakke med ein prest enn med ein psykolog.

– Korleis reagerer folk når dei får tilbod om å ta imot ein bibel?

– Folk tek med glede imot ein bibel. Vi sender også bokpakker til familiane. Det er viktig for dei å kjenne at nokon bryr seg om dei.

Olha avsluttar med å seia:

– Det er berre eit mirakel som kan stoppe krigen. Men no er det menneska som er dei viktigaste - det og lykkelege born. Det er det som har mest å seia!





Tilbake til innholdsoversikten