Gå til innhold

8 Selv om jeg gjorde dere sorgfulle med brevet mitt, angrer jeg ikke. Om jeg angret før, fordi jeg vet at brevet gjorde dere sorgfulle for en tid,

<em>Lag-din-egen-barnebibel</em> har også blitt spredt på på armenske skoler i Damaskus.

Foto: Lag-din-egen-barnebibel har også blitt spredt på på armenske skoler i Damaskus.

Biblar til armenske born i Syria

13. april 2015.

– Midt i all vald og uro i Syria treng borna våre opplæring i Bibelen, for å lære kva som er rett, og for å følgje Herren når dei veks opp.

Det er foreldre i den armensk-ortodokse kyrkja i Damaskus som seier dette. Bibelselskapet i Gulfen har distribuert 5000 armenske barnebiblar til born mellom 5 og 10 år i fleire land, takka vere støtte frå Det tyske bibelselskapet. Mange av biblane vart delte ut i kyrkjer i Damaskus.

– Då eg gjekk på sundagsskulen, hadde vi ingen barnebiblar. No er eg sjølv sundagsskulelærar, og eg er så takksam for at Bibelselskapet har gjeve borna her kvar sin bibel, midt i det krigsherja Syria, seier ein av sundagsskulelærarane i den armensk-ortodokse kyrkja.

Den nye utgåva blir kalla «Gjer det sjølvbarnebibelen». Illustrasjonane i boka er skisserte med nokre enkle strekar, slik at borna sjølve kan gjera teikningane ferdige.

– Denne eineståande boka set fantasien til borna i sving, så dei kan lage sin eigen illustrerte bibel. Dette blir deira heilt personlege bibel som dei vil ta vare på og finne fram att etter som dei veks, både fysisk og åndeleg, seier ein av foreldra.

«Gjer det sjølv-barnebibelen» er ei attforteljing av 150 bibelhistorier frå både Det gamle og Det nye testamentet på armensk. Det bur svært mange armenarar i Syria, og den armensk-ortodokse kyrkja er ei av dei største i landet.