Gå til innhold

1 For øvrig, søsken, ber og oppfordrer vi dere i Herren Jesus: Dere har mottatt og lært av oss hvordan dere bør leve og være til glede for Gud, og slik lever dere allerede. Men dere må gjøre enda større fremskritt i dette!

Surya er ein av mange millionar framandarbeidarar i Golfstatane.

Foto: Surya er ein av mange millionar framandarbeidarar i Golfstatane.

Fortel bibelhistorier i heimane

14. april 2015. Tekst og foto: Joyse van de Veen

Kvar måndag møtest Surya og andre kvinner for å lære seg nye bibelhistorier.

Suryakantham kjem frå India, men har arbeidd i den same familien i eit land i Golfstatane i 16 år. Ho møtte mannen sin før dei kom hit. Han var kristen, og ho vart kristen før dei gifte seg. Før var ho hindu.

Surya går i ei kyrkje for indarar som talar språket telegu. Tenesta til Surya er å forkynne i ei kvinnegruppe som møtest kvar måndag kveld. Mange av hushjelpene er ikkje ferdige med arbeidet før klokka ni om kvelden, men etter det møtest dei for å lesa Bibelen i lag.

Mange av kvinnene har det vanskeleg. Mange har visum som har gått ut, slik at dei kan bli sette i fengsel og sende attende til India, somme har HIV/AIDS, medan andre har store økonomiske vanskar. Men kveldane i kvinnegruppa er ei stor hjelp for dei.

Både Surya og venninna Ratnakumari  er opplærte i å fortelja bibelhistorier. Dei prøver å tenkje seg inn i bibelhistoriene ut frå den livssituasjonen som hushjelpene lever i, og det dei må gjennomgå. Ei av favorittekstene deira er forteljinga om Sakkeus:

– Sjølv om Sakkeus var svært rik, ville han gjerne møta Jesus! Og då han tok imot Jesus, vart livet hans heilt forandra, seier Ratnakumari.

Mange av dei kristne hushjelpene er nesten som misjonærar i familiane der dei arbeider. På grunn av deira forbøn skjer det ofte under i familiane der dei bur.

Det er 10-15 hushjelper som møtest i kvinnegruppa. Her får dei øving i å fortelja bibelhistoriene; dei lærer ei ny historie kvar veke. Dei fleste av dei har aldri lært å lesa. Her får dei sjølv lytte til Bibelen, og dei blir i stand til å dele bibelhistoriene med andre.

«Forteljinga åleine» i aksjon

«Simply the story» er namnet på ein metode for bibelstudiar som Bibelselskapet i Golfen nyttar mellom framandarbeidarar som ikkje kan lesa. Gjennom munnleg forteljing deler dei evangeliet med kvarandre, og med familien der dei arbeider. Med di gåve til bibelarbeidet i Golfen er du med og støttar opplæringa i bibelforteljing.