Gå til innhold

1 Syng for Herren, syng en ny sang.
Syng for Herren, all jorden!

Traktaten «To rekkjer på stranda» på arabisk

Foto: Traktaten «To rekkjer på stranda» på arabisk

To rekkjer på stranda

13. april 2015.

I februar vart det publisert ein grufull video som syner drapet på 21 egyptiske kristne i Libya. På videoen kan ein høyre at nokre av dei ropar «Å, Jesus!» før dei blir drepne. Videoen sjokkerte heile Egypt. Kristne og muslimar har stått saman i felles avsky for drapa.

Nokre få dagar etter at dei unge mennene vart drepne, hadde Bibelselskapet i Egypt laga traktaten «To rekkjer på stranda», med bibelvers og eit dikt som svarar på spørsmålet: Kven er redde for dei andre? Rada i oransje eller rada kledd i svart?

Traktaten vart på kort tid distribuert i 1,65 millionar eksemplar og er omsett frå arabisk til både engelsk, fransk, tysk, nederlandsk, spansk, tyrkisk og kinesisk. Vi har valt å trykkje to av bibelversa og det vakre diktet.

Last ned heile traktaten på engelsk - på arabisk - på norsk.

Kven forstår mest?

Det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur han gjer Gud ei teneste. Og alt det gjer dei fordi dei korkje kjenner Far min eller meg. Dette har eg sagt dykk slik at de, når deira tid kjem, skal hugsa at eg sa det til dykk. (Joh 16,2-4)

Kven kjem til å sigra?

Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd? Som det står skrive: For di skuld blir vi drepne dagen lang, vi blir rekna som slaktesauer. Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.(Rom 8,35-39)

Andre bibelvers i traktaten: 1 Peter 4,12-14, Apg 7,54-60 og Matt 10,28.32-33

To rekkjer på stranda

Det går to lange rader ved havet på ei strand
ein dag då tårer fløymer i alle folk og land,
ei rad med menn som trur deira drap fortener ros,
ei rad med skuldlaus ungdom som ser eit anna ljos,
ei rad som lyfter handa; der blenkjer det ein kniv,
ei rad med bundne hender og verjelause liv,
ei rad med mørke hetter der hatet lyser ut,
ei rad som lyfter blikket og skodar opp mot Gud,
ei rad som står og ventar med død og drap og slag,
ei rad som kneler, vende mot himlens andedrag.
ei rad som spyttar hat og forakt og vreide ut,
ei rad som andar ro og ein fred som er av Gud.
Sei meg ein ting:
Kven er redde for dei andre?
Rada i oransje, som ser i himlen inn?
Rada kledd i svart, med så øydelagde sinn?