
Foto: Biskop Pavly
«Auget - lyset - handa»
12. mai 2015. Hans J. Sagrusten
Under vignetten «Bibelstudiar frå heile verda» presenterer vi enkle metodar for bibelgrupper - denne gongen ein metode frå Egypt.
Då biskop Pavly frå Egypt var i Noreg på Bibeldagen 2015, leia han eit bibelstudium ved Bibelskolen i Grimstad. Denne metoden brukar han ofte i mindre grupper blant unge i Egypt. Metoden har tre steg:
- Med auget gjer vi observasjonar i teksta.
- Med lyset freistar vi å finne bodskapen i teksta.
- Med handa spør vi kva teksta utfordrar oss til å gjera.
Biskopen byrja med spørsmål som skulle få deltakarane til å lesa teksta nøye. Sidan stilte han spørsmål etter bodskapen i teksta. Til slutt spurde han kvar einskild: «Kva vil du gjera etter å ha lese dette?»
Det gjev ei rik forståing av teksta å høyre svara frå fleire ulike menneske. I spalta til venstre finn du nokre av dei svara som deltakarane i Grimstad gav.
Slik gjer de det:
Leiaren førebur ei rad med spørsmål ut frå dei tre punkta auget - lyset - handa. I oversikta nedanfor finn ein nokre døme på slike spørsmål. Leiaren skal gje deltakarane god tid til å tenkje, før dei svarar. Leiaren skal ikkje gje si vurdering av svara, men la alle i gruppa koma fram med tankane sine. Til saman vil dei ulike svara gje ei brei forståing av teksta. Metoden høver godt for korte tekster frå evangelia.
1. Auget - kva står det i teksta?
- Kor mange substantiv/verb/pronomen er det?
- Kor mange personar møter de?
- Kvar utspelar handlinga seg?
- Kva gjer dei ulike personane?
- Kva er grunnen til at dei handlar slik?
2. Lyset - kva er bodskapen i teksta?
- Korleis reagerer dei som Jesus møter?
- Kjem nokon i ein valsituasjon med fleire alternativ?
- Skjer det ei forandring med nokon av dei?
- Kva seier teksta er grunnen til endringa?
- Kva vil de seia er bodskapen i teksta?
3. Handa - kva utfordrar teksta deg til å gjera?
- Kva får du lyst til å endre på når du les dette?
- Er det noko i haldningane dine du vil endre?
- Er det ei handling du blir inspirert til å gjera?
- Kven vil få glede eller hjelp av dette?
- Når vil du gjera det?
Forslag til tekster:
Matteus 9,9–11, Markus 5,25–34, Markus 10,17– 22, Lukas 8,1–3, Lukas 10,38–42, Lukas 17,11–16, Johannes 6,66–69
– Eg vil bli flinkare til å sjå menneske
«Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?»
(Matt 9,11)
Etter å ha studert teksta i Matteus 9,9–11 om Jesus som var til bords med tollarar og syndarar, sa deltakarane under bibelstudiet «Auget – lyset – handa» i Grimstad:
– Eg vil bruke meir tid saman med folk som andre ser ned på.
– Eg vil få fleire vener som ikkje er kristne.
– Eg vil bli flinkare til å sjå menneske.