Gå til innhold

28 En av de skriftlærde, som hadde hørt på dette ordskiftet og lagt merke til hvor godt Jesus svarte, gikk bort til ham og spurte: «Hvilket bud er det første av alle?»

Ikkje 3000 unge, men 57 avgangselevar ved Kvitsund Gymnas fekk møte biskop Pavly 29. januar.

Foto: Ikkje 3000 unge, men 57 avgangselevar ved Kvitsund Gymnas fekk møte biskop Pavly 29. januar.

Samlar 3000 unge til bibeltime

12. mai 2015. Hans J. Sagrusten

Han samlar 3000 unge til bibeltime kvar tysdag. Då han besøkte Noreg på Bibeldagen 2015, var det første gongen på 15 år han ikkje heldt bibeltimen sin.

Biskop Pavly (48) held kvar veke det som truleg er verdas største regelmessige bibelstudiesamling for unge, i turistbyen Sharm el Sheikh ved Raudehavet. Dit kjem unge vaksne frå heile Egypt for å arbeide i turistindustrien.

– Det er ein halv million unge mellom 18 og 35 år som arbeider der, seier biskop Pavly.
– Minst 35.000 av dei kjem frå kristne familiar.

Mange stader i Egypt er det vanskeleg for kristne ungdommar å få arbeid. Difor kjem dei hit til dei nye turistbyane.

Pavly kom til den veksande turistbyen i 1999. Då var han den einaste presten. Det første han gjorde, var å byrje å halde bibeltimar for unge kvar veke. Den første tysdagen kom det fem ungdommar. Men han heldt fram, og snart kom det fleire. No har han hatt bibeltime kvar tysdag i 15 år, og kvar veke kjem det omkring 3000 unge.

– I dag er det første gongen på 15 år at eg ikkje har bibeltimen min, sa han då han var i Noreg under Bibeldagen 2015.

Pave Tawadros II la merke til framgangen i Sharm el Sheikh. Difor vart Pavly utnemnd til biskop i fjor, med særleg ansvar for arbeidet med bibelstudiar i den koptiske kyrkja. Men då dei unge i Sharm el Sheikh skjøna at Pavly måtte flytte til Kairo, protesterte dei og sende brev til paven med bøn om at Pavly måtte få halde fram. For dei unge i Sharm el Sheikh er glade i presten sin.

– Av og til kallar dei meg for «biskop Lovely», smiler Pavly.

Og paven gav dispensasjon, slik at Pavly no kan reise til Sharm el Sheikh kvar tysdag for å halde bibeltime. I bibeltimane går han systematisk gjennom Bibelen, bok for bok. Han fortel at han i fjor heldt 60 bibeltimar berre om Josef i Det gamle testamentet.

– No held eg på med Johannes’ Openberring, fortel han.
– Det har eg gjort sidan mai i fjor.

Egyptiske unge er trufaste til å møte fram. I 2014 fekk vi frå Det Norske Bibelselskap vera med på ei ungdomsgudsteneste i ein landsby i Øvre Egypt. To hundre ungdommar fylte kyrkja med bøn og lovsong. Vi spurde nokre av dei:

– Kor ofte er de her i kyrkja?
– Kvar kveld det er noko, så klart, svara dei med eit uforståande blikk.

Kva er metoden til biskop Pavly når han samlar 3000 unge?

For det første brukar han Bibelen. Han tek utgangspunkt i ei hovudtekst for kvelden. Så samlar han innhaldet i teksta i tre enkle punkt. Til kvart av desse punkta finn han tre bibeltekster frå andre stader Bibelen, frå Fyrste Mosebok til Johannes’ Openberring - til saman ni tekster.

For det andre sørgjer han for at alle har ein bibel. Han har vore i Bibelselskapet fleire gonger; då kjøper han 5000 om gongen. Biblane legg han utover i den store kyrkja i Sharm el Sheikh, slik at dei som ikkje har ein bibel, kan finne ein å slå opp i.

– Eg er berre glad dersom folk tek med seg ein av biblane i kyrkja, smiler han.
– Eg må stadig fylle på med nye biblar, fordi folk tek dei med seg.

På denne måten slår dei unge opp ti ulike tekster kvar kveld. Under denne vandringa gjennom Bibelen får tekstene kaste lys over kvarandre. Slik blir ungdommen aktivisert, og undervisinga blir ikkje keisam.

– Bibeltimen går altfor fort, smiler Pavly.

Bibler til Egypt

På Bibeldagen 2015 støtter vi bibelarbeidet i Egypt, blant annet utdelingen av 100 000 Lukasevangelier til egyptiske sjuendeklassinger. Det egyptiske bibelselskapet når hvert år en halv million barn og unge med bibelbøker og kristen litteratur. Du kan fremdeles være med og støtte bibelarbeidet i Egypt.

Gi en gave online eller bruk konto 3000.16.16869. Merk gaven «Bibler til Egypt».