Gå til innhold

3 Han dro fra sted til sted, fra Negev og helt til Betel, til det stedet der han før hadde hatt teltet sitt, mellom Betel og Ai,

Radde Asres (t.v.) er øvste leiar for arbeidet med Geez-bibelen, medan Birhanemeskel Atenna (t.h.) er fagleg leiar. (Foto: Hans J. Sagrusten)

Foto: Radde Asres (t.v.) er øvste leiar for arbeidet med Geez-bibelen, medan Birhanemeskel Atenna (t.h.) er fagleg leiar. (Foto: Hans J. Sagrusten)

– Bibelteksta må bli tilgjengeleg

10. juli 2015. Hans J. Sagrusten

Ein halv million medarbeidarar i den ortodokse kyrkja manglar ein bibel på hjartespråket sitt. Men no skal dei endeleg få ein bibel til dagleg bruk. Det eldgamle kyrkjespråket Geez skal bli moderne bruksbibel.

Omkring ein halv million menneske gjer teneste i den ortodokse kyrkja i Etiopia. Ingen av dei kan lesa Bibelen på hjartespråket sitt heime, for denne teksta finst berre i store, handskrivne bøker i kyrkjene. Men no skal det eldgamle språket Geez endeleg trykkjast i ei bibelutgåve til dagleg bruk.

– Vi vil lage ein bibel i eit format som er lett å bruke, slik at bibelteksta blir lettare tilgjengeleg for både prestar og andre, seier Radde Asres, som er leiar for prosjektet.
– Også ved presteskulane treng studentane ei bibelutgåve i eit format dei kan bruke. Og når prestane kjenner Bibelen betre, kjem det heile kyrkja til gode, smiler han.

Bibelen vart omsett til gammaletiopisk svært tidleg i historia. Arka på bordet er kopiar av manuskript frå 1300–talet. I dei ortodokse kyrkjene i Etiopia finst det tusenvis av slike handskrivne biblar, og det blir lese høgt frå dei i gudstenestene.

– Når prestane bed, skjer det også på Geez. Dei har lært språket heilt frå barndomen og er svært tett knytte til det; dei elskar å be på Geez, seier Radde Asres.

Men prestane har ingen Geez-bibel å ta med heim og lesa på eiga hand. Det skal dei få no, gjennom støtta frå norske bibelvener. Vi er i hovudkvarteret til den ortodokse kyrkja, midt i Addis Abeba. Medan kveldsmørkret fell får vi høyre om den sterke kjærleiken dei ortodokse kristne har til det eldgamle språket. Geez er framleis både gudsteneste- og bønespråk i Etiopia, meir enn 1500 år etter at det vart teke i bruk.

– Språket er svært viktig for kyrkja. I dag skjer det ei oppvakning for Geez, og det er mange som studerer det. Men det finst ikkje éi standardisert tekst. Dette er det vi lagar no.
– Geez har mykje til felles med hebraisk, som Det gamle testamentet er skrive på.

– Kor tidleg lærte du sjølv å bruke språket?

– Eg var seks år gammal. Når borna kjem til kyrkja, byrjar dei å lære Geez med det same. Dei lærer også å syngje bøner og lovprisingar på Geez. Bønene følgjer gamle melodiar som vart nedskrivne på 500-talet e.Kr.

Omsetjarane samanliknar dei beste Geezmanuskripta og lagar éi standardtekst av dei. I fotnotar nemner dei andre variantar som òg finst i manuskripta.

– Alt på 1930-talet vart det laga ei utgåve der ein samanlikna dei beste tekstene, seier Radde Asres.
– Dette arbeidet vart sett i gang av keisar Haile Selassie. Då han måtte flykte til London i 1935,tok han med seg fleire av manuskripta. Ut frå desse vart denne vitskaplege utgåva laga, seier Asres og viser oss den store boka som ligg på bordet.

Det er ikkje berre Bibelen som er nedskriven på Geez; også bøker om filosofi og astronomi er skrivne på språket, samt historiebøkene om dei gamle etiopiske kongsættene.

– Når vi tek vare på språket, hjelper vi folk å forstå at Etiopia har ei lang kristen historie, seier Radde Asres. Ned ein bekmørk trappegang famlar vi oss ut att i junikvelden. Gjennom vår støtte til omsetjarane i Addis Abeba skal dei etiopiske prestane få ei lykt for sin fot - ein bruksbibel på Geez.

Bibelen på Geez

Bibelen på Geez

Geez-bibelen er ei av dei tidlegaste omsetjingane av Bibelen. Teksta vart truleg omsett frå den greske bibelteksta (Septuaginta) på 300- eller 400-talet e.Kr. Ho finst for det meste i handskrivne manuskript, og det er tekstleg variasjon mellom manuskripta.

Geez-prosjektet går ut på å velja ei standardtekst som kan trykkjast i eit brukarvenleg format, med fotnotar som viser alternative lesemåtar.

70 prosent av dei etiopiske kristne, om lag 32 millionar menneske, tilhøyrer den etiopisk-ortodokse kyrkja. Omkring ein halv million menneske brukar språket i ei teneste i kyrkja. Ein bruksbibel på Geez gjer det lettare for desse å studere bibelteksta.

Norske bibelvener støttar Geez-prosjektet med omkring 67.000 kroner (8.700 USD) i 2015.