Gå til innhold

16 En gang han gikk langs Galileasjøen, fikk han se Simon og Andreas, bror til Simon. De holdt på å kaste not i sjøen, for de var fiskere.

Pastor Tesfaye Abebe (t.v.), pastor Ayele Arariso og Belayneh Chafamo byrja å syngje ein song med omkvedet «Halleluja!» som ei helsing til bibelvenene i Noreg. (Foto: Hans J. Sagrusten)

Foto: Pastor Tesfaye Abebe (t.v.), pastor Ayele Arariso og Belayneh Chafamo byrja å syngje ein song med omkvedet «Halleluja!» som ei helsing til bibelvenene i Noreg. (Foto: Hans J. Sagrusten)

– Gud velsigne dykk!

10. juli 2015. Hans J. Sagrusten

«Folk blir glade» helsar bibelomsetjarane i Etiopia til sine norske støttespelarar. I desse dagar held dei på og fullfører omsetjinga av Det gamle testamentet. Snart kan heile Bibelen gjevast ut på to nye språk.

Belete Lorisso har vore med heilt sidan arbeidet med Det gamle testamentet starta opp i 2001.Han har reist langt for å møte oss. Eigentleg skulle han ha vore heime og feira at den eldste dottera hans har trulova seg, noko som er ei stor hending i Etiopia. Men han prioriterte å møte Bibelselskapet.

– Folk blir svært glade når dei høyrer at vi snart skal gje ut Bibelen på språket deira, seier han. – Eg høyrde nyleg eit radioprogram som handla om framgangen for Hadiyyaspråket, og programleiaren nemnde særleg arbeidet med bibelomsetjinga. Det gjer meg så glad at fleire får høyre om arbeidet vårt!

Belayneh Chafamo har òg vore med sidan starten av arbeidet. Han var eigentleg tilsett av Adventistkyrkja, som støtta arbeidet i mange år. Men då dei avslutta i 2007, valde han å arbeide for halv løn i to år, før han vart tilsett av Bibelselskapet.

– Folk er glade for at Guds Ord, som er så dyrebart, blir omsett til deira eige språk, og dei gler seg til at Ordet blir gjeve ut i bokform!

– Kvifor valde de å bli bibelomsetjarar og ikkje forretningsmenn?

– Som pastor kjende eg eit sterkare og sterkare ønske om å bruke mitt eige språk når eg preika og underviste, ikkje berre amharisk, seier Tesfaye Abebe.

– Gud la ned i tankane mine at eg skulle bruke Hadiyya-språket. Ein mann i kyrkja sa til meg: «Denne tanken er det Gud som har lagt ned i deg. Set det ut i livet!» Difor utdanna eg meg på bibelskulen og vart med i dette prosjektet.

I Etiopia er amharisk det felles språket som alle skjønar. Men det finst over 80 ulike språk i landet, og omkring 360 dialekter som er svært forskjellige frå kvarandre. Mange av stammespråka har hatt låg status.

– Før låg Hadiyya-språket i grava, medan amharisk stod høgt, seier pastor Ayele Arariso.

– Men på grunn av bibelomsetjinga har språket no stått opp frå grava; det har kome til ære, slik som andre språk.

Abraham Lelago er koordinator for Hadiyya- og Kambatta-prosjektet. Han fortel korleis det var før:

– Dei yngre og folk med utdanning skjønar amharisk godt. Men dei eldre kvinnene bak i kyrkja, dei skjønar ikkje kva som blir sagt. Så den nye omsetjinga gjer at evangeliet blir gjort kjent for endå fleire enn før!

Omsetjarane må forme bibelteksta i to variantar, sidan det finst to typar bokstavar.

– Vi starta arbeidet med å bruke latinske bokstavar, seier pastor Ayele Arariso.

– Men vi var urolege for den eldre generasjonen. Dei kan berre etiopiske bokstavar og skjønar ikkje den nye, latinske skrifta.

– Så no lagar vi omsetjinga i to versjonar, og begge skal trykkjast i bokform. Det blir flest eksemplar av utgåva med latinske bokstavar, men også nokre med etiopisk skrift, med tanke på dei eldre.

Den korte tida i Hossana går mot slutten. Kva vil omsetjarane seia til slutt, som ei helsing til gjevarane i Noreg som har støtta omsetjingsarbeidet i mange år? Belete Lorisso svarar på vegner av alle:

– Då vil eg seia: Gud velsigne dykk fordi de har vore med oss heilt frå starten - og fordi de framleis støttar oss!

Dr. Haile-Eyesus Engdashet
Dr. Haile-Eyesus Engdashet (Foto: Hans J. Sagrusten)

– To millionar får Bibelen på sitt eige språk

I løpet av 2016 skal vi vera ferdige med å omsetja heile Bibelen til både Hadiyya- og Kambatta-språket, seier Dr. Haile-Eyesus Engdashet (57), som er konsulent for omsetjingane.

I 2017 kjem dei ferdige biblane ut og kan distribuerast i kyrkjene. Etter at Det nye testamentet kom ut i 1992-1993, har mange spurt kva tid Det gamle testamentet kjem ut.

Det er omkring to millionar menneske som talar desse språka til saman, og som no får heile Bibelen på sitt eige morsmål.