Gå til innhold

34 Vær på vakt og la ikke hjertet bli sløvet av rangel og drikk og dagliglivets bekymringer, så den dagen plutselig kommer over dere

Tarekegn Sedore (t.v.), Getahun Jorga og Birhanu Erangu er omsetjarane i Kambatta-prosjektet. (Foto: Hans J. Sagrusten)

Foto: Tarekegn Sedore (t.v.), Getahun Jorga og Birhanu Erangu er omsetjarane i Kambatta-prosjektet. (Foto: Hans J. Sagrusten)

– Sjølv om de ikkje har sett oss, har de støtta oss!

10. juli 2015. Hans J. Sagrusten

I mange år har norske bibelvener støtta arbeidet med å omsetja Bibelen til Kambatta-språket. Men vi har ikkje visst korleis dei som utfører arbeidet, ser ut. I dag vil dei helse til bibelvenene i Noreg.

«Vi vandrar i tru, utan å sjå», skriv apostelen Paulus (2 Kor 5,7). Dette ordet passar godt på den støtta som bibelvener gjev til arbeidet med bibelomsetjingar i Etiopia. Til saman sju omsetjingsprosjekt i Etiopia blir støtta av norske gjevarar, med til saman 800.000 kroner i året.

I Hossana, tre timar vest for Addis Abeba, møter vi omsetjarane i to av prosjekta. Dei har kome saman for å helse til støttespelarane sine i Noreg.

Både Kambatta- og Hadiyya-prosjektet vart starta opp i 2001. No er omsetjingane snart ferdige og inne i testfasen. Førre veka var Kambatta-omsetjarane ute og las tekster høgt for folk i landsbyane i området. Slik sjekkar dei om folk får med seg innhaldet, og om språket kling naturleg.

– Vi las tekster frå Ordtaka, Hosea og Amos, seier Getahun Jorga, ein av omsetjarane som har vore med sidan starten i 2001.

– Vi brukar ulike metodar for å høyre om folk får med seg innhaldet. Vi kan be dei om å fortelja teksta om att til oss, eller så kan vi stille dei spørsmål om detaljar i teksta.

– Korleis reagerer folk når dei høyrer bibeltekstene på sitt eige språk?

– Dei blir svært glade, seier Tarekegn Sedore.

– Vi møter tre slag reaksjonar: Dei som har utdanning, seier at omsetjinga er viktig for utviklinga av språket. For Bibelen har eit rikt språk; boka inneheld alt frå poesi og ordtak til forteljingar og brev. Difor blir språket i Bibelen ei kjelde for all annan litteratur. «Bibelen gjer språket vårt rikare» seier dei.

– Dei eldre er vane med å lesa Bibelen på amharisk. Når vi les teksta for dei, er reaksjonen: «Les du no, eller fortel du fritt?» Dei synest språket kling så naturleg at dei undrast på om den som les, fortel munnleg!

– Somme av dei eldre har sagt at Kambatta-språket ikkje passar i radioen, at radioapparatet vil bli øydelagt av dette grautmålet.

– «Men viss Kambatta verkeleg kan brukast i Bibelen, då har språket fått ein ektefødd son og denne sonen er Bibelen», seier folk. «Gjennom denne sonen skal nye generasjonar arve språket vårt.»

– Den tredje reaksjonen kjem frå dei unge. Dei er ikkje så krye av språket sitt og vil helst bruke amharisk på skulen. Men når dei høyrer bibelteksta på sitt eige språk og høyrer det fungerer til bruk i Bibelen, då blir dei motiverte til å bruke det sjølve. Dei får respekt for språket sitt!

Verken Hadiyya- eller Kambatta-språket fanst som skriftspråk før på 1990-talet.Det nye testamentet var den første boka som vart trykt på begge språka. Men sidan har begge kome i bruk, både i det offentlege og på skulen. Dr. Haile-Eyesus Engdashet (57) er konsulent for begge omsetjingane.

– Desse omsetjingane skal brukast av alle kyrkjesamfunn, seier han.

– Ingen konfesjonar har fått leggje nokon føringar for omsetjinga.

– Kva vil omsetjarane seia til gjevarane i Noreg som har støtta omsetjingsarbeidet i mange år?

– Vi vil takke dykk, seier Tarekegn Sedore.

– Sjølv om de aldri har sett oss, har de likevel støtta oss. No skal de endeleg sjå det arbeidet de har støtta så lenge. Gud velsigne dykk!

Kambatta- og Hadiyyaomsetjingane

Getahun Jorga har vore med i omsetjingsarbeidet sidan 2001. (Foto: Hans J. Sagrusten)
Getahun Jorga har vore med i omsetjingsarbeidet sidan 2001. (Foto: Hans J. Sagrusten)

Det Norske Bibelselskap støttar sju omsetjingsprosjekt i Etiopia med til saman 800.000 kroner i året.

Av dette utgjer støtta til Det gamle testamentet på Kambatta og Hadiyya omkring 260.000 kroner i året. Kambatta har ca. 800.000 språkbrukarar og Hadiyya over 1.000.000.

Omsetjarane i prosjekta blir løna 50 prosent av Bibelselskapet og 50 prosent av Mekane Yesus-kyrkja. Bibelselskapet dekkjer òg datautstyr og bøker.

Det nye testamentet kom ut på Kambatta i 1992 og på Hadiyya i 1993.

Utgjevinga av NT har ført til ei djupare forståing av Guds Ord blant brukarane av dei to språka. Innan 2017 skal ein gå gjennom NT-omsetjingane frå 1992-1993 på nytt og fullføre omsetjinga av GT.