Gå til innhold

15 Da de var ferdige med måltidet, sier Jesus til Simon Peter: «Simon, sønn av Johannes, elsker du meg mer enn disse?» Han svarte: «Ja, Herre, du vet at jeg har deg kjær.» Jesus sier til ham: «Fø lammene mine!»

Gleda er stor når pastorane i Holguin får studiebiblar (gul utgåve) og pastorbiblar (mørkeblå), samt ein liten bibelleseplankalender.

Foto: Gleda er stor når pastorane i Holguin får studiebiblar (gul utgåve) og pastorbiblar (mørkeblå), samt ein liten bibelleseplankalender.

– År etter år etter år med éin barnebibel!

16. november 2015. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

I oktober fekk vi vera med på tre møte med lokale pastorar på Cuba, i byane Holguin, Camaguey og Sancti Spiritus. Over alt sa pastorane det same: Biblane kjem fram, men det trengst endå mange fleire!

«Takk» er det ordet vi høyrer flest gonger på Cuba. Pastorane som vi møter, takkar Gud for arbeidet med å skaffe ein million biblar til Cuba. Mange takkar dei kristne i Noreg som støttar dette store prosjektet. Etter tur reiser unge og eldre pastorar seg:

– Vi takkar Gud for at vi har Ordet, og for den fridomen vi har på Cuba i dag, seier ein pastor i Holguin.
– Det er eit bønesvar at vi får alle desse biblane. Vi var svoltne, men Jesus visste om det! Vi takkar dei kristne i Noreg for at vi kan få biblar, seier en annan.

Leiaren i baptistkyrkja i Holguin seier:
– Mange trudde ikkje det var mogleg å samle inn til ein million biblar. Men når vi no høyrer at vi er halvveges til målet, får vi nytt mot!

Overalt høyrer vi at bibelmangelen er stor:
– Vi har ikkje noko materiell å gje til borna, seier baptistpastoren Luis Raul Jaillant.
– Men eg har sett korleis Gud har opna dører i dette landet! Så vi held fram å rope til Gud og be han om å opne fleire.

I byen Camaguey er fleire enn 140 pastorar samla. Dei fortel også om mangelen på barnebiblar:
– Vi har drive på i år etter år etter år med éin barnebibel, sukkar ein.
– Fleire generasjonar har brukt den same barnebibelen hos oss. Eg har verken barnebiblar og sundagsskulemateriell å gje borna ute på landsbygda, seier ein annan.
– No ventar vi straks 20 000 nye barnebiblar, seier Alain Montano i Bibelkommisjonen.

– Men dei skal fordelast i 16 ulike provinsar. Vi kunne trenge minst 100 000!

Fleire fortel at kyrkjeveksten enno er sterk:
– Alle kyrkjene på Cuba veks, og dei veks fort. For nokre år sidan var det nesten ingen som var interesserte i ein bibel her, men no ser vi at interessa er stor - også blant folk som ikkje er truande.

I Camaguey ser ein av dei eldste pastorane ut over forsamlinga og spør:
– Hugsar de då vi hadde bibelseminar i denne kyrkja for femten år sidan? Dei nikkar.
– Då hadde vi berre éin bibel, men den reiv vi opp i mange delar, så kvar av oss fekk i det minste éi bok. De hugsar korleis vi gjorde det, ikkje sant?

Fleire av dei eldre pastorane nikkar.
– For 25 år sidan var det slik mangel på biblar at vi hadde berre to biblar i kyrkja vår, og det mangla fleire sider i dei, seier ein annan.

Alain Montano i Bibelkommisjonen fortel om kostnadene ved å distribuere biblar:
– Det kostar fire dollar (vel 30 kroner) å trykkje ein vanleg bibel og frakte til Cuba. Likevel blir denne utgåva distribuert gratis. Dette skjer takka vere gåver, blant anna frå Noreg, som er ein av dei viktigaste støttespelarane våre.
– Det dei lokale kyrkjene må betale, er kostnadene til transporten her på Cuba og til tollavgifter. Resten blir dekt av gåvene frå andre land.

President Joel Ortega Dopico i Rådet av kyrkjer på Cuba oppsummerer situasjonen.
– Det er vi som har fått oppdraget med å gje folket biblar - det kjem ingen frå staten og ordnar dette for oss. Det er til kyrkjene Gud har gjeve dette kallet.

Vi i Noreg får vera med på dette store arbeidet. Lat oss ta med bibelarbeidet på Cuba i bøn!

Pastor i byen Camaguey på Cuba
Pastor i byen Camaguey

Reiv Bibelen opp i delar

– Hugsar de då vi hadde bibelseminar i denne kyrkja for femten år sidan? Då hadde vi berre éin bibel, men den reiv vi opp i mange delar, så kvar av oss fekk i det minste éi bok. De hugsar korleis vi gjorde det, ikkje sant?

Ein eldre pastor i byen Camaguey på Cuba