Gå til innhold

5 
I de dager da Herodes var konge i Judea, var det en prest i Abias vaktskift som het Sakarja. Hans kone var også av Arons ætt og het Elisabet.

Luis Raul Jaillant var ein av pastorane i kyrkjene i og rundt Sancti Spiritus som fekk studie- og pastorbiblar av Bibelselskapet.

Foto: Luis Raul Jaillant var ein av pastorane i kyrkjene i og rundt Sancti Spiritus som fekk studie- og pastorbiblar av Bibelselskapet.

– Vi reparerte gamle biblar

16. november 2015. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

Kva gjer du når det ikkje finst nye biblar å få tak i? I kyrkja til baptistpastoren Luis samla dei saman gamle, utslitne biblar og reparerte dei. Slik fekk nye kristne ein gammal bibel.

Luis Raul Jaillant (35) er pastor i ei baptistkyrkje i ein liten by aust for Sancti Spiritus på Cuba. I fleire år har dei prøvd å reparere gamle biblar og låne dei ut til nye kristne.

– Vi fekk ikkje tak i nye biblar. Difor samla vi inn gamle biblar frå dei eldre i kyrkja og prøvde å setja dei i stand. Vi limte og sydde og prøvde å gjera sidene reine, fortel han.

– Nokre av biblane vart brukbare, medan andre mangla fleire sider. Dei vi klarte å setja i stand, lånte vi ut til dei som var nye i kyrkja. Så hadde dei noko å starte med når dei skulle lesa i Bibelen.

– Desse reparerte biblane var gull verd i hendene på nye kristne!

Hjelp for nye bibellesarar

Ein ny bibellesar kunne få mykje hjelp av å overta ein gammal, velbrukt bibel, seier Luis:

– Nye kristne fekk ta over ein bibel som hadde vore brukt i mange år av ein annan person i kyrkja. Ofte var mange vers understreka, og desse understrekingane var ei stor hjelp for nye bibellesarar.

– Dei som hadde hatt biblane før, var på si side glade for at nokon kunne få glede av den gamle bibelen deira. Det var svært personleg; i mange av biblane stod både namnet til den førre eigaren og personlege notatar.

– Eldre kristne skjøna at det var nødvendig å gjenbruka dei gamle biblane som dei var så glade i. Difor kom dei med biblane sine. Dei forstod at andre no måtte få glede av dei.

Stadig nye kyrkjer

Luis fortel at det stadig blir planta nye kyrkjer i byen der han bur.

– No har vi planta fire nye kyrkjer i utkanten av byen. I desse kyrkjene samlar vi hundre nye familiar til bøn og bibelgrupper. Desse kyrkjene vil i sin tur multiplisere seg og bli til mange fleire. Og dei hundre familiane vil multiplisere seg - slik veks kyrkjene på Cuba.

– I kyrkja vår er behovet framleis enormt stort. Vi har fire huskyrkjer der berre pastoren har ein bibel.

– Vi bed til Gud om å få materiell til born og biblar til både born, ungdom og vaksne. Det arbeidet de driv, er ei stor velsigning for oss.

– Det er ei stor utfordring at dei nye kristne ikkje skal falle frå! Vi arbeider heile tida for at det ikkje skal skje. Om vi hadde hatt eit nytestamente å gje dei, ville det vera lettare å følgje dei opp.

Ingen bibel i oppveksten

Luis fekk sin første bibel då han var sju år gammal. Men han kjem ikkje frå ein kristen familie.

– Heime var det ikkje éin einaste bibel. Eg voks opp nær Guantanamo, men gjekk ofte til nabokommunen der bestemor budde. Ho var kristen, og ho tok meg med i kyrkja si. Det var sundagsskule i denne kyrkja, og eg treivst der.

– I denne kyrkja var den første gongen eg såg ein bibel. Men det var først då eg gifte meg som 18-åring at eg fekk min eigen bibel. Og det var då eg skjøna meir av innhaldet i Bibelen.

– Favorittbibelverset mitt er Romarbrevet 1,16. Det er eit sterkt bibelord som fortel om det sentrale i trua - det er eit bibelvers ein kan leva på!

Vi spør om han har ei helsing til bibelvenene i Noreg?

– Ja, vi er svært takksame for dykk, og for det offeret de gjev økonomisk for å hjelpe folket på Cuba!

Helsing til bibelvener

Sjå ei videohelsing til norske bibelvener frå baptistpastoren Lois!

Vil du gje ei gåve til bibelarbeidet på Cuba?

Send ein SMS med BIBEL CUBA til 2468, og du gjev kr. 151,- (nok til fem biblar).