Gå til innhold

1 Så er det da ingen fordømmelse for dem som er i Kristus Jesus.

– Eigentleg er bibelmangelen endå større no, for det er endå fleire enn før som ønskjer seg ein bibel, seier Salvador Miranda (79).

Foto: – Eigentleg er bibelmangelen endå større no, for det er endå fleire enn før som ønskjer seg ein bibel, seier Salvador Miranda (79).

Skreiv Bibelen for hand

16. november 2015. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

Hugsar du Salvador Miranda, den pensjonerte pastoren som handskreiv bibeltekster til dei nye kristne i kyrkja si? Vi klarte å spore han opp, to år etter det første intervjuet vårt.

Salvador Miranda er litt eldre og tynnare enn sist vi såg han, men brannen for å formidle Guds Ord er den same.

– Eg har enno oppgåva med å undervise dei nye kristne i kyrkja mi, seier han.

Sist vi møtte han, fortalde Salvador om alle dei nye som kom til tru i kyrkja hans, kvar einaste sundag. Kvar fredag var det han som hadde oppgåva med å gje dei bibelundervising.

– Vi ventar på fleire biblar, sa Salvador den gongen.

Ved hjelp av gjennomslagspapir handskreiv han bibeltekster til dei nye kristne. Heile torsdag ettermiddag brukte han til å skrive ark med bibeltekster som han brukte i undervisinga neste dag. No er vi spente på om situasjonen har betra seg. Merkar han at det no kjem fleire biblar til Cuba?

– Å ja - halleluja! svarar Salvador.
– Men eigentleg er mangelen endå større no, smiler han.
– For det er endå fleire enn før som ønskjer seg ein bibel!

Gud talar sterkt til menneska her på Cuba no, seier han.

– Kvar einaste sundag kjem det nye! Folk som aldri har kome til kyrkja før - no kjem dei!

Vi spør om han framleis driv og handskriv bibeltekster.

– Nei, no har eg ein kopimaskin som eg brukar til dette, smiler Salvador.
– Så eg har ein del kopiar som eg tek med til undervisinga.
– Kor mange i kyrkja di har ein bibel no?
– Det er ein mengde med nye kristne som ikkje har ein bibel. No har dei fleste i kyrkja mi fått ein bibel, men det er alle dei nye som kjem, som vi ikkje har biblar til.

Vi tek farvel og spør om han vil be for oss i Noreg, og det forsikrar han at han vil gjera.