Gå til innhold

17 Jesus dro nå opp mot Jerusalem. På veien tok han de tolv disiplene til side og sa til dem:

Joel Ortega Dopico (42) er president i Rådet av kyrkjer på Cuba.

Foto: Joel Ortega Dopico (42) er president i Rådet av kyrkjer på Cuba.

Glimt frå Cuba

16. november 2015. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

Les meir om kva Bibelen har å seie for folket og kyrkjene på Cuba.

«Kyrkjene på Cuba har mange namn, men vi arbeider alle for Guds rike! Bak kvar einaste av biblane som blir distribuert, står det ei rad med menneske, frå dei som skaffar papiret, til sjåførane som køyrer biblane ut. Biblane blir frakta i konteinarar og på båtar, og moderne oppfinningar som motorar og fly måtte til for å få det til. Ei utgåve er trykt i Korea og ei anna i Brasil - det er ein stor prosess som involverer mange menneske!»

Joel Ortega Dopico (42), president i Rådet av kyrkjer på Cuba


Ester Sofia Quintero
Ester Sofia Quintero

Pastor sidan 1955

Ester Sofia Quintero (87) har vore pastor sidan 1955.Under ei samling med 140 pastorar i byen Camaguey spurde vi kven som hadde vore pastor i meir enn tretti år. Berre Ester og ei til rette opp handa. Ein handfull hadde vore pastor i meir enn tjue år. Dei fleste hadde vore pastor i mindre enn fem år! Dette er eit bilete på den sterke kyrkjeveksten på Cuba. «Men trengst det fleire biblar i kyrkjene? spør vi. «JAAA» er det unisone svaret frå pastorane.


Carlos Xabi
Carlos Xabi

Manglar biblar på landsbygda

Carlos Xabi (34) driv kristent ungdomsarbeidet i byen Camaguey. Om lag 50 ungdommar samlast til bibelstudiar kvar helg. «Ungdomane kjem ikkje berre fordi vennene deira går her; dei kjem for å studere Bibelen saman» seier han. «Dei fleste av ungdomane i denne kyrkja har biblar no», seier han. «Men når eg kjem ut på landsbygda, til dei små kyrkjene med jordgolv og blikktak, ser eg at dei fleste manglar biblar.»


Aurelia Lopez Crusada
Aurelia Lopez Crusada

Lys i hus etter hus

Aurelia Lopez Crusada (77) har vore forkynnar i pinsekyrkja heilt sidan ungdomen. For atten år sidan hadde ho eit syn: «Eg såg korleis Gud tente lys i hus etter hus over heile nabolaget mitt. Slik har evangeliet gått fram frå hus til hus i landet vårt dei siste åra» seier ho. «Mor mi var ei gudskvinne som fasta og bad mykje. Før ho gjekk heim til Gud for femten år sidan, fekk ho sjå starten på den sterke kyrkjeveksten ho hadde bede om så lenge.»


– Å distribuere Bibelen på Cuba liknar på då Jesus metta fem tusen, seier generalsekretær i bibelkommisjonen på Cuba, Alain Montano.
Bibelutdeling i ein kyrkjelyd

Ordna utdeling

Alain Montano (42): «Å distribuere Bibelen på Cuba liknar på då Jesus metta fem tusen: Alle ville ha, og det kunne sjå kaotisk ut, men utdelinga var velordna. Slik er det her også: Alle vil ha biblar, og vi må organisere utdelinga på den beste måten. Bibelen fortel at alle åt og vart mette; likevel vart det eit overskot på tolv korger. Gud mangedobla brøda og fiskane. Gud mangedoblar også talet på biblar - og på nye stader der evangeliet breier seg ut.»

Vil lesa i Bibelen

Jentene i pinsekyrkja i Holguin fortel om deira forhold til Bibelen.
Jentene i pinsekyrkja i Holguin fortel om deira forhold til Bibelen.

Vi møter nokre jenter på 11 og 12 i ei pinsekyrkje i Holguin. Korleis er deira forhold til Bibelen?

– Alle vi har fått vår eigen bibel! Men vi har kvar vår favorittekst.
– Favorittteksta mi er Salme 23, seier ei av dei.
– Foreldra våre las av og til frå Bibelen for oss då vi var små. Men no har vi lyst til å byrja å lesa Bibelen kvar dag!
– Kvifor det, spør vi.
– Vi vil lære meir om Gud, og meir om at Jesus gav livet sitt på krossen for vår skuld.
– Vi kjenner oss så velsigna, for Gud har gjort så mange store mirakel!