Gå til innhold

21 Men nå er Guds rettferdighet, som loven og profetene vitner om, blitt åpenbart uavhengig av loven.

– Vi kan i alle fall vise dem hendene våre (en husmenighet i et land i Sentral-Asia lytter til Bibelen fra en lydbok).

Foto: – Vi kan i alle fall vise dem hendene våre (en husmenighet i et land i Sentral-Asia lytter til Bibelen fra en lydbok).

– Bibelen er min mat!

16. september 2016. Tekst og foto: Bibelselskapet

Dei kristne i Sentral-Asia samlast trufast for å dele Guds Ord. Når biblane blir konfiskerte av politiet, høyrer dei i staden på Bibelen som lydbok.

Vi kjem til ei huskyrkje i ein landsby ein stad i Sentral-Asia. Der møter vi 15-20 menneske som kjem saman i eit vanleg bustadhus.

– Vi møtest aldri på den same vekedagen to gonger på rad, for at ikkje politiet skal oppdaga oss. Vi møtest også til ulike klokkeslett.

Det er ikkje lenge sidan politiet kom medan dei hadde møte. Når dei kjem saman no, deler vi ut nye biblar til dei, til erstatning for dei biblane som politiet tok. Straks vi har teke bileta våre, blir biblane gøymde unna. Det er for risikabelt å ha dei liggjande framme på bordet under møtet.

I staden tek dei fram ein liten lydavspelar. Ei bibeltekst blir lesen høgt på opptaket.

– Det er ei stor velsigning å ha fått Det nye testamentet som lydbok. Det er til stor hjelp i vår situasjon, seier dei.

Innspelinga finst på fleire språk, både på russisk og på fleire nasjonale språk i Sentral-Asia.

– Borna likar å høyre på Det nye testamentet, fortel ei av kvinnene.

– Nyleg kom det inn ei kvinne som ikkje kunne lesa, og ho vart svært overraska over å høyre Guds Ord på sitt eige språk.

– Grunnen til at folk kjem til tru, er at dette er det sanne Ordet frå Gud; det er ikkje eg som preikar, seier pastoren.

Ei eldre dame som ikkje ser så godt, fekk denne lydbibelen. Ho sa:

– Trua mi vart så styrkt gjennom dette at eg kan ikkje få sagt det! Eg vil takke både Bibelselskapet og alle som er med på å skaffe oss slike biblar!

Sjølv om det ikkje er offisielt forbode å eige ein bibel i dette landet, skjer det likevel stadig at politiet konfiskerer dei. Frå denne huskyrkja tok dei med seg alle biblane dei fann.

– Dei forhøyrde alle, ein og ein, og sa at vi skulle skrive ned kva vi dreiv med under møtet. Dei heldt oss i to timar og tok alt vi hadde av bøker. Vi har ikkje fått att nokon av dei.

To veker seinare fekk dei beskjed om å koma til retten.

– Der heldt dei oss i fem timar. Vi fekk beskjed om at vi kom til å få høge bøter. Til slutt åtvara dei oss: «Dersom de klagar, kjem det til å gå endå verre med dykk!»

Bøtene dei fekk, svarar til 10 000 norske kroner.

– Men eg er takksam til Herren, for dette har berre styrkt trua vår, seier ei av dei eldre kvinnene.

– Vi drog til hovudstaden for å anke dommen. Då fekk vi høyre at politiet som var hos oss, hadde påstått at vi demonstrerte i gatene og delte ut traktatar. Men dommaren i hovudstaden sa at han ikkje kunne sjå noko prov for at vi hadde demonstrert, så han reduserte bøtene våre.

Dei fortel glødande om den eigentlege grunnen til at dei ville anke dommen:

– Vi gjekk først og fremst for å få vitne i forhøyr. Vi fekk dele evangeliet med alle i politiet!

Vi spør kor mykje Bibelen har å seia for dei.

– Bibelen er min mat, min åndelege mat, seier ei av dei vaksne kvinnene.

– Eg likte ikkje å lesa då eg gjekk på skulen. Men då eg byrja å lesa i Bibelen, oppdaga eg at eg elskar å lesa denne boka. Favorittordet mitt er det eg fekk høyre frå Gud då det var som mest vanskeleg: «Ver ikkje redd!» (Jes 54,4)

Korleis reagerer borna når politiet kjem?

– Borna blir redde når politiet tek foreldra og forhøyrer dei. Men vi les frå Bibelen, vi lærer dei at dette berre er ei prøving frå Herren og at det skal gå bra.

Kor mange biblar har politiet teke i denne kyrkja?

– Dei har teke mange biblar på ulike språk, blant anna ca. to hundre biblar vi hadde lagra her for å distribuere vidare. Dei er truleg brende.

Korleis er det for dei som eventuelt ønskjer å skifte tru?

– Alle kjenner alle her i landsbyen, seier ein yngre mann.

– Så viss nokon går over til kristen tru, startar problema med det same, med både familien og lokalsamfunnet.

– Ein slektning av meg spelar i bryllaup og andre store selskap. Men då det vart kjent at han var kristen, ville ingen ha noko med han å gjera. Før kunne han tene godt på spelinga, men no tener han berre ei firedel av det han gjorde før.

Dei kristne i huskyrkja er svært glade for å sjå medarbeidarane frå Bibelselskapet.

– Bibelselskapet spelar ei svært viktig rolle i kyrkjene. No er dei meir synlege enn før og betre i stand til å skaffe oss biblar. Dette er svaret på mange års bøn!

– Både Bibelselskapet og generalsekretæren personleg har hjelpt oss i kyrkja vår i tider med forfølging.

Det er éin ting å kalle kvarandre sysken, men når ein ser den konkrete støtta, har det mykje å seia!

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)




Tilbake til innholdsoversikten