Gå til innhold

34 Vær på vakt og la ikke hjertet bli sløvet av rangel og drikk og dagliglivets bekymringer, så den dagen plutselig kommer over dere

 BM: Fra venstre: Anvar (19), Yasmina (17) og Gulmira (21) har opplevd at det kan være vanskelig å være kristen i Sentral-Asia. NYN: Frå venstre: Anvar (19), Yasmina (17) og Gulmira (21) har opplevd at det kan vera vanskeleg å vera kristen i Sentral-Asia.

Foto: BM: Fra venstre: Anvar (19), Yasmina (17) og Gulmira (21) har opplevd at det kan være vanskelig å være kristen i Sentral-Asia. NYN: Frå venstre: Anvar (19), Yasmina (17) og Gulmira (21) har opplevd at det kan vera vanskeleg å vera kristen i Sentral-Asia.

– Tørstar etter Guds Ord

18. oktober 2016. Tekst og foto: Bibelselskapet

Vi møter tre ungdommar frå ein by i Sentral-Asia. Dei har opplevd kor vanskeleg det kan vera å vera kristen i det landet der dei bur. To av dei har fått Bibelen sin konfiskert.

– Bibelen min vart konfiskert av politiet for to veker sidan, seier Anvar (19).

– Heile familien min var kristen før. Men så vart foreldra mine skilde. No bur eg saman med mor mi, som har forkasta trua på Kristus.

– Eg vart sjølv kristen som femtenåring. Eg har to brør som ikkje er kristne. Det er vanskeleg, men eg er likevel glad.

Vi spør kor viktig Bibelen er for dei, som unge kristne i Sentral-Asia.

– Bibelen er svært viktig, seier Gulmira (21).

– Vi hadde fleire biblar før, men dei vart konfiskerte. Vi hadde ein bibel på russisk, men den einaste vi har att no, er eit nytestamente frå Bibelselskapet.

– Kva var det som hende då biblane vart tekne?

– Vi var i kyrkja kvar kveld. Ein kveld fekk vi ein telefon frå nokon som ikkje sa kven dei var, berre at det venta på oss utanfor huset vårt. Eg skjøna straks kva det handla om.

I telefonen sa dei at dei ikkje ville oss noko vondt, berre prate. Men då dei kom, pressa dei mor mi og systera mi og ville ha utlevert alle dei religiøse bøkene i huset. Både biblar på russisk, liturgibøker og bøker med notatar frå preikene i kyrkja.

– Dei las gjennom notata våre og såg gjennom alle bøkene. Så ville dei at mor mi og systera mi skulle skrive under på at desse bøkene var funne hos oss og vart konfiskerte. Mor mi ville ikkje skrive under, men dei var fire store karar som pressa henne. Dei fekk nokre vitne til å stadfeste at desse bøkene var funne hos oss.

– Far min var aktiv i kyrkja før. men på grunn av presset og forfølginga byrja han å halde seg borte frå kyrkja og vart ein passiv kristen.

– Vi måtte koma til politistasjonen og signere papira der. Under sterk bøn kom vi dit og vart forhøyrde. Mor gret mykje og følte at dette var urettferdig. Saka gjekk til retten, og vi fekk ei bot. Gud hjelpte oss å finna pengar å betala med, og kyrkja bad for oss.

Offisielt er det lov å ha ein bibel i landet der ungdommane bur. Likevel hender det ofte at lokale lensmenn gjer slikt som dette.

– Slike saker hender stadig, seier Gulmira.

– Det siste var det som hende med Anvar no for ein månad sidan.

– Dei kom klokka seks om morgonen, medan alle sov, seier Anvar (19).

– Dei spurde etter meg. Dei visste at eg hadde ein PC, sa dei, og den ville dei kontrollere.

– Men dei slo ikkje på PC-en eingong - dei gjekk rett til bokhylla mi. Då dei såg Bibelen, tok dei han ut og byrja å sjå i han. Då skjøna eg kva som heldt på å henda.

– Mor mi, som ikkje er truande, spurde kva dei ville. Dei sa at dei såg etter religiøs litteratur. Dei tok ut alle bøkene mine og sa at dei måtte sjekke dei. Ein av dei bad meg plukka ut alle dei kristne bøkene, og han skreiv ned titlane på dei. Eg tok berre ut dei bøkene eg såg som ufarlege, og prøvde å unngå dei som handla om evangelisering og misjon, og heldigvis stansa dei ikkje ved desse bøkene.

– Dei gjekk til naboane for å få dei til å skrive under som vitne. Dei tok med seg PC-en min, ein minnepinne, modemet mitt og CD-ar med ulike program på.

– Då eg kom til politistasjonen, såg eg andre kristne frå kyrkja mi. Dei fleste var eldre folk, vi var berre to unge der. Eg fekk spørsmål om kva tid eg hadde konvertert, om nokon hadde truga meg til det. Eg sa at eg kom til Kristus av meg sjølv, utan hjelp av nokon andre. Dei fekk namnet på presten min, og eg måtte skrive ei forklaring om korleis eg kom til tru, om alle bøkene eg hadde og kva dei inneheldt.

– Så ville dei ha meg til å vedgå at eg evangeliserte på gata og delte ut bøker og biblar til naboane. Ingen ting av dette var sant. Det einaste eg hadde sagt til naboane, var at eg hadde ein bibel sjølv.

Vi spør kva for bibeltekster som er viktigast for dei tre ungdommane.

– Eg har to favorittekster, seier Yasmina (17).

– Den eine er Johannes 3,16, og den andre handlar om at eg kan gjera alt i den styrken eg får frå Jesus Kristus: «Alt maktar eg i han som gjer meg sterk» (Fil 4,13).

Vi spør om dei vil koma med ei helsing til bibelvenene i Noreg. Gulmira (21) seier:

– Eg kan fortelja om ei gruppe med kristne i landet vårt som trass i forfølgingar tørstar etter Guds ord, og kyrkjene veks. På grunn av forfølgingar kan vi ikkje lenger koma saman til møte, seminar og grupper. Før hadde vi gjerne bønemøte klokka seks om morgonen. Og vi såg frukta av dette - korleis kyrkja voks. No har vi måtta slutte med dette.

– Men Lydbibelen har vore til stor hjelp. Vi har kome saman i grupper på fire og fem og høyrt på bibelteksta med lydavspelaren. No er det for risikabelt med slike samlingar, men etter sundagsmøta blir vi att og lyttar til lydbibelen.

Kva er deira planar for framtida?

– Mi von er at kyrkja skal vekse og fleire vende om, og at regjeringa skal sjå at kristne er Guds folk, at dei ikkje treng vera redde for å ha kristne i landet, seier Anvar.

– Eg lit på at mange rundt oss, både vener og familie, har fått sådd eit frø, og at Gud vil leie dei til kyrkja med tida - og at den nye, store kyrkja skal bli fylt med fred, seier Gulmira.

Før vi skil lag, har vi ei overraskande gåve: Dei får velje seg ein bibel kvar, i den farga som dei ønskjer. Vi skulle ønskje at vi kunne visa dei glade andleta deira då dei fekk dei nye biblane sine!

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)




Tilbake til innholdsoversikten