Gå til innhold

39 Noen dager senere dro Maria av sted og skyndte seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda

Det er fullt av born i kyrkjene på Cuba. (Foto: Dag K. Smemo)

Foto: Det er fullt av born i kyrkjene på Cuba. (Foto: Dag K. Smemo)

– Ein bibel til heile familien

09. august 2016. Tekst: Hans J. Sagrusten | Foto: Dag K. Smemo og Hans J. Sagrusten

Kvifor er det så viktig å skaffe barnebiblar til Cuba? Vi spurde Alain Montanoog Joel Ortega Dopico om dette då dei var i Oslo under 200-årsjubileet til Bibelselskapet.

– Fordi ein bibel til eit barn er ein bibel til heile familien, seier Alain Montano i Bibelkommisjonen på Cuba.

– Ofte er barnet den einaste i familien som går i kyrkja. Men når borna får ein bibel, tek dei han med seg heim. Då vil resten av familien òg lesa i Bibelen og bli kjende med innhaldet.

Dette kjem av at folk bur så tett, seier Alain.

– Det er vanleg at det bur tre generasjonar i det same huset. Der bur både born, foreldre og besteforeldre i lag, og kanskje ei tante eller ein onkel. Difor blir bibelen som barnet har fått, lesen av heile familien. Borna deler heilt naturleg det dei har fått, med dei andre i huset.

Barnebiblane er komplette biblar med heile teksta, seier Alain. Men det er brukt ei omsetjing med enklare språk. Dette gjer boka populær også blant vaksne.

– Vi har mange eksempel på foreldre som har kome til kyrkja fordi borna først har fått ein bibel, seier Joel Ortega Dopico, presidenten i Rådet av kyrkjer på Cuba.

– På denne måten blir barnet den som overfører trua til heimen. I staden for at barnet lærer av å sjå kva foreldra gjer, er det foreldra som ser barnet sitt be! I andre land kjem borna til kyrkja saman med foreldra, men på Cuba er det foreldra som kjem saman med borna sine, ler Joel.

– Ein vaksen som skal fortelja andre om trua, vil ofte synest det er vanskeleg. Men eit barn snakkar heilt naturleg og seier: Kom og bli med!

Veksten i kyrkjene på Cuba knyter seg først og fremst til dei små bedehusa eller huskyrkjene som det er svært mange av. Oftast er dette berre vanlege bustadhus. Borna høyrer songen og musikken, og så kjem dei for å sjå kva som skjer.

– Det er fullt av born i alle kyrkjene på Cuba, seier Alain.

– Det er mengder med born i den katolske kyrkja, men også i pinsekyrkjene og hos baptistane er det mange.

– Når vi har nådd målet og samla inn til ein million biblar til Cuba, vil omkring 35 prosent av dei vera biblar til born.

Vi spør korleis det går med distribusjonen av biblar på Cuba. Det siste året er det oppretta seksten regionale distribusjonssentra som skal sørgja for utdeling av biblar i distrikta. Alle desse er no i drift, seier Alain.

– I eit område, Pinar del Rio, gjorde dei store auge; dei hadde aldri før sett ei heil kasse med biblar! Dei hadde berre sett to-tre biblar om gongen før, men takka vere det lokale distribusjonssenteret fekk dei for første gong sjå ei heil kasse.

Desse regionale sentra er viktige fordi det er vanskeleg for små kyrkjer å hente biblar i Havanna.

– Berre 10-15 prosent av kyrkjene har bilar dei kan hente biblar med, seier Alain.

– Det er vanskeleg å få frakte biblar frå Havanna, 100 mil unna, når du ikkje har ein bil å hente dei med. Difor vart mange av biblane før delte ut i og rundt Havanna, medan få av dei nådde ut på landsbygda.

– Men då vi opna dei seksten distribusjonssentra, laga kyrkjene ei rettferdig fordeling av biblane i kvar region. No blir biblane fordelte ut til alle kyrkjene, alt etter talet på kristne i kvar kyrkje. Pastorane er svært nøgde med den nye ordninga!

– Bibelen er heilt sentral

Prosjektet «Ein million biblar til Cuba» er svært viktig for Rådet av kyrkjer på Cuba,seier presidenten i rådet, Joel Ortega Dopico.
Prosjektet «Ein million biblar til Cuba» er svært viktig for Rådet av kyrkjer på Cuba,seier presidenten i rådet, Joel Ortega Dopico.

– For kyrkjene er Bibelen heilt sentral! No er bibelarbeidet ein viktig del av alt vi planlegg. Vi held konferansar der vi gjev opplæring i Bibelen,og dette er fundamentet for alt det andre vi gjer.

– Vi driv mykje sosialt hjelpearbeid og deler ut mat til fattige og til eldre. Men det åndelege grunnlaget, det ligg i Bibelen.

– Alle organisasjonar kan drive hjelpearbeid, men vårt arbeid er basert på Bibelen, og Bibelen kan skapa ei grunnleggjande endring i livet til folk. «Det er dette vi treng» seier kyrkjene til oss. Så bibelarbeidet er hjartet i alt arbeidet vårt.

Tilbake til innholdsoversikten