Gå til innhold

8 En gang var dere selv mørke, men nå – i Herren – er dere lys. Lev da som lysets barn!

Bernt G. Olsen

Foto: Bernt G. Olsen

– Bibelarbeidet i Syria fungerer

22. september 2016. Tekst: Hans J. Sagrusten | Foto: Hans J. Sagrusten/Bibelselskapet i Syria

Krigen i Syria rasar på femte året. Men bibelbutikkane er stadig opne, og nye menneske får møte Guds Ord. Bernt G. Olsen deler sine inntrykk frå det krigsherja landet.

– Korleis er det mogleg å drive bibelarbeid i Syria i dag?

– Bibelarbeidet i Syria fungerer like godt som før. Behovet for biblar er så fundamentalt viktig for menneske i denne situasjonen at etterspurnaden er større enn nokon gong.

– På grunn av krigen er det oppretta eit nytt lager i kystbyen Tarsos. I tillegg har vi lager i både Aleppo og Damaskus. Frå desse lagera blir det distribuert biblar til heile Syria, også til dei områda som er kontrollerte av opprørsgrupper. Sjåførane køyrer ut biblane med fare for sitt eige liv, men dei synest det er så viktig at dei likevel vil gjera det. Dei køyrer ut både fem til ti tusen biblar om gongen.

Stadig flere unge oppsøker en av bibelbutikkene i Syria.
Stadig flere unge oppsøker en av bibelbutikkene i Syria.

– Dei to bibelbutikkane i Aleppo og Damaskus er stadig opne. Og det er fullt av folk som kjem! Men dei fleste biblane blir sende ut til kloster og kyrkjer over heile landet og blir delte ut til menneske som prestane har kontakt med. Kyrkjene har eit gigantisk distribusjonsnett som Bibelselskapet ikkje kunne ha fått til åleine.

– Vi tenkjer lett at i krigstid blir dei grunnleggjande behova viktige, som mat og klede, og at folk ikkje spør etter biblar då?

– Men det er omvendt! I ei djup krise blir det endå viktigare for folk å søkje trøyst i Guds Ord enn å mette magen. Det finst behov som er viktigare enn mat og klede. Også andre stader i verda har vi sett at det viktigaste er å gje menneske håp!

Bernt snakkar ofte med generalsekretær George Andrea i Bibelselskapet i Syria. Samtalane gjer sterkt inntrykk.

– Det sterkaste er å høyre han fortelja om kallet sitt: «Eg er syrar», seier han. «Eg lever og døyr med folket mitt. Kvar skulle vi elles reisa?» Han har eit djupt medvit om at Gud har plassert han i Syria for å gjera ei teneste. Det ville vera lett for han å koma seg ut av landet. Men han har valt å bli. Han har eit djupt kall til å gje menneske Guds Ord.

– Kva går gåvene frå norske gjevarar til i Syria?

– Dei går blant anna til kalendrar med bibelord for kvar dag. I Midtausten er desse kalendrane svært viktige. Kristne brukar dei som sine synlege vitnemål. Dei har dei ståande framme på disken i butikken sin eller hengande på veggen på kontoret.

– Dessutan støttar vi hefte med utvalde bibeltekster til høgtidene, for eksempel til jul. Då kjem det mange til kyrkjene som ikkje har så nært forhold til trua. For mange blir dette eit første møte med Guds Ord.

– No ser det endeleg ut til at vi kan opne eit stort ressurssenter for kristen ungdom i Damaskus. Dette har vore eit bøneemne i lang tid. Der blir det ein lesesal der ungdom kan koma og få tilgang til kristen litteratur, og der dei kan møte kristne som kan gje dei vegleiing. Det er mange menneske som er på leiting etter slike stader der dei kan få vita meir om den kristne trua.

– Til dei norske bibelvenene vil eg seia:

Hald fram med å be for Syria! Be for George og dei andre medarbeidarane i Bibelselskapet. Be om at dei nasjonale kristne må få dele vitnemålet sitt med menneska i Syria. Og gje pengar til bibelarbeidet! Vi treng pengar både til arbeidet inne i Syria og til oppfølging av syriske flyktningar.

– Ei opning for evangeliet

– Før budde kristne i eigne bydelar og landsbyar, og muslimar gjorde det same. Men krigen har fått menneske til å bryte opp, og dette har gjort at folk kjem i kontakt med kvarandre på tvers av dei religiøse gruppene.

– Dette er ei opning for at evangeliet kan delast med nye menneske. Mange får no sjå eit kristent vitnemål i praksis, frå menneske som gjev dei både brød og praktisk omsorg. Difor veks den kristne kyrkja i Syria i dag.

Bibelmisjonsleiar Bernt G. Olsen

Tilbake til innholdsoversikten
Vær med og støtt bibelarbeidet i Egypt og Syria!