Gå til innhold

72 Han viste miskunn mot våre fedre
og husket på sin hellige pakt,

Gi en bibelgave til Kamerun!

Foto: Gi en bibelgave til Kamerun!

Bibelen til Musgumfolket

22. september 2016. Tekst: Hans J. Sagrusten

28. mai var ein viktig dag for Musgum-folket i Kamerun: Då fekk dei før første gong Bibelen på sitt eige språk.

– Guds ord høyrer no dykk til! sa presten Isaac Sissou under innviinga av den nye bibelutgåva.

Ein politistyrke på 50 mann var kalla ut til høgtida for å ta vare på tryggleiken, på grunn av fleire dødelege åtak frå terrorgruppa Boko Haram i regionen. Alt i 1964 fekk Musgum-folket Det nye testamentet på språket sitt, men no kunne dei endeleg feire at dei har ein heil bibel. Bibelen til Musgum-folket er ei av fire nye bibelutgåver i Kamerun som endeleg kunne trykkjast i år på grunn av støtte frå Bibelselskapet i Noreg og andre land.

Les meir på unitedbiblesocieties.org.

Tilbake til innholdsoversikten