Gå til innhold

1 Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, hilser de hellige *i Efesos•, de troende i Kristus Jesus.

BM: Barnebibelen «Amigos por siempre» («Venner for alltid») er svært populær blant barn og unge på Cuba. Gavene som blir gitt i forbindelse med Bibelselskapets 200-årsjubileum går til å trykke og distribuere denne bibelutgaven. Den inneholder hele bibelteksten, med illustrasjoner. Bildet er fra en pinsekirke i Havanna, der to jenter på første benk blar i de nye barnebiblene sine.<br />NN: Barnebibelen «Amigos por siempre» («Vener for alltid») er særs populær mellom born og unge på Cuba. Gåvene som blir givne i samband med 200-årsjubileet til Bibelselskapet går til å trykke og distribuere denne bibelutgåva. Ho inneheld heile bibelteksten, med illustrasjonar. Bildet er frå ei pinsekyrkje i Havanna, der to jenter på første benk blar i dei nye barnebiblane sine.

Foto: BM: Barnebibelen «Amigos por siempre» («Venner for alltid») er svært populær blant barn og unge på Cuba. Gavene som blir gitt i forbindelse med Bibelselskapets 200-årsjubileum går til å trykke og distribuere denne bibelutgaven. Den inneholder hele bibelteksten, med illustrasjoner. Bildet er fra en pinsekirke i Havanna, der to jenter på første benk blar i de nye barnebiblene sine.
NN: Barnebibelen «Amigos por siempre» («Vener for alltid») er særs populær mellom born og unge på Cuba. Gåvene som blir givne i samband med 200-årsjubileet til Bibelselskapet går til å trykke og distribuere denne bibelutgåva. Ho inneheld heile bibelteksten, med illustrasjonar. Bildet er frå ei pinsekyrkje i Havanna, der to jenter på første benk blar i dei nye barnebiblane sine.

Biblar til ein ny generasjon på Cuba

13. april 2016. Tekst: Bernt G. Olsen | Foto: Dag K. Smemo

Det er viktig å nå den unge generasjonen med biblar. Difor har vi inkludert barnebiblar i prosjektet «ein million biblar til Cuba». No ved Bibelselskapets 200-årsjubileum kan norske bibelvener få gje ei jubileumgåve til desse barnebiblane.

Når vi seier «barnebibel», tenkjer vi gjerne på ei bok med eit utval av bibeltekster. Men dei barnebiblane vi distribuerer på Cuba, er heile biblar med rein bibeltekst. Dei er berekna på aldersgruppa 8-14 år og utstyrt med fargerike illustrasjonar.

Dei cubanske kyrkjene inkluderer born og unge på ein måte som eg knapt har sett noko annan stad i verda! Dei blir verkeleg tekne på alvor og inkluderte i gudstenesta. Difor er det òg mange born og unge i kyrkjene, og behovet for barnebiblar er stort.

I tillegg til biblar støttar vi òg anna materiell, som biletbøker og bøker med bibelforteljingar. Men desse reknar vi ikkje med blant dei biblane vi har lova å skaffa. Når vi seier «ein million biblar til Cuba», meiner vi fullstendige biblar, med alle bøkene i Det gamle og Det nye testamentet.

Nytt trykkeri

Vi har no vorte i stand til å støtta eit eige trykkeri på Cuba. Det er i skrivande stund på veg frå Korea til Cuba med båt. Trykkeriet blir ikkje finansiert med ordinære gåver som er gjevne til biblar, men med testamentariske gåver. Bibelselskapet fekk i fjor store testamentariske gåver, og styret har vedteke å kosta dette trykkeriet med ei ekstra løyving på ein million kroner.

Trykkeriet skal produsera bibelbøker og anna materiell til born og unge, særleg materiell til dei mange sundagsskulane i kyrkjene. Bibelkommisjonen på Cuba prioriterer dette trykkeriet høgt, og difor har vi valt å støtta det.

Møta behovet

Born og ungdom i alderen 8-14 år er viktige å nå, og kyrkjene på Cuba har eit svært godt system for å nå dei. Cuba er eit døme på korleis ein skal byggja opp forsamlingar og gje systematisk opplæring til unge leiarar. Dette behovet møter vi med denne innsamlinga til barnebiblar.

Det som vi får vera med på i denne tida på Cuba, er heilt fantastisk. Gjennom gåvene frå norske bibelvener maktar vi å nå ein heil generasjon av born og unge med biblar, før landet opnar seg og materialismen fløymer inn. Og vi får gjera dette i ei strategisk viktig tid for landet.

Det sterkaste minnet

Ingen ting kan overgå det minnet eg har frå den første dagen eg vitja Cuba. Eg møtte ein ung familie, eit ektepar som begge var pastorar i ei lita pinseforsamling. Vi har halde kontakten gjennom alle desse åra. Under det første møtet mitt med dei oppdaga eg: Dei har ikkje biblar!

Då eg vitja seminaret der dei studerte, var 100 pastorar frå ulike forsamlingar samla. Eg hadde teke med meg tre biblar og spurde om det kanskje var nokon som trong ein. Då opplevde eg: Av 100 pastorar var det 30 som ikkje hadde sin eigen bibel. Denne opplevinga vart starten på den store innsatsen vår på Cuba.

Eg lodda ut dei tre biblane. Ein av dei var ein flott studiebibel, og dette ekteparet vann han. Dei vart svært lukkelege over dette. Dei hadde hatt biblar før, men når dei døypte nye medlemmar i kyrkja, hadde dei valt å gje bort sine eigne biblar til dei nye døypte.

Denne historia skildrar den store bibelmangelen som har vore og enno er på Cuba. Difor er det ei stor glede å få vera med og gje ein ny generasjon på Cuba biblar med jubileumgåva vår.

– Uforholdsmessig få born

– Det er uforholdsmessig få born på Cuba, samanlikna med andre land i Latin-Amerika. Mange familiar har berre eitt barn. Dei sosiale og økonomiske problema er nokre av årsakene. Dette er typisk for land der familiane bur ekstremt trongt.

– Men den viktigaste årsaka er at mange unge, altså den generasjonen som får born, har forlate landet dei siste åra, anten som flyktningar eller som lovlege emigrantar.

– Men difor er det desto viktigare å nå heile den oppveksande generasjonen med biblar! Det er dei som er den framtidige kyrkja på Cuba.

Vær med og støtt bibelarbeidet på Cuba!