Gå til innhold

12 La ingen forakte deg fordi du er ung, men vær et forbilde for de troende i ord og livsførsel, i kjærlighet, tro og renhet.

BM: Dag K. Smemo fikk oppleve syrisk påskefeiring i Damaskus./NN: Dag K. Smemo fekk oppleva syrisk påskefeiring i Damaskus. (Foto: Dag K. Smemo)

Foto: BM: Dag K. Smemo fikk oppleve syrisk påskefeiring i Damaskus./NN: Dag K. Smemo fekk oppleva syrisk påskefeiring i Damaskus. (Foto: Dag K. Smemo)

– Hald fram med å gje oss materiell

09. november 2017. Tekst: Dag K. Smemo, omarbeidd av Hans J. Sagrusten | Foto: Dag K. Smemo

Det er sterkt å møta syriske kristne som har levd i krig i seks år, men òg å sjå gleda deira over materiellet frå Bibelselskapet. «Hald fram å gje oss materiell» er bodskapen dei gjev oss.

I påska 2017 drog Bibelselskapets Dag K. Smemo, for første gong etter at krigshandlingane starta, inn til Damaskus i Syria for å vera med i påskefeiringa. Han sit att med sterke inntrykk etter møtet med kristne som har levd i krig og uro i fleire år.

– Eg opplevde denne turen som kanskje den viktigaste og rettaste reportasjeturen eg har hatt i mine tretti år i Bibelselskapet. Det var sterkt å sjå kor mykje det hadde å seia at det kom nokon utanfrå i desse vanskelege tidene. At det var nokon som kom hadde kanskje like mykje å seia for dei som det utbytet eg fekk med meg heim.

Då han vart spurd om å fara til Syria, var det dagens bibelord som overtydde han om å dra.

– Den same dagen som eg vart spurt av Bibelselskapet om å reisa til Damaskus, las eg dagens bibelord. Det var frå Apostelgjerningane kapittel 9 og fortalde om då Saulus var på veg nett til Damaskus. I vers 6 las eg orda: «Gå inn i byen …» Det tok eg som ei stadfesting på at eg skulle reisa.

Smemo fortel at turen var ei sterk oppleving.

– Som reporter skal du lytta og rapportera nøkternt. Men denne gongen var det vanskeleg ikkje å bli sterkt rørt av situasjonen til menneska. Det sterkaste var nok å samtala med ungdomane i kyrkja. Eg spurde dei: Kva er draumane og vonene dine for framtida? Då vart dei stille og tomme i blikket. Somme sa rett ut: Vi har ingen draumar for framtida! Vi lever éin dag om gongen. Vi tør ikkje å drøyma eller å håpa på noko. Smemo er sjølv både far og bestefar og fortel at orda gjorde inntrykk.

– Ein nasjon der ungdomen ikkje vågar å drøyma eller å håpa på noko godt for framtida - det fortel alt om situasjonen dei lever i. Her i Noreg legg dei unge planar og har draumar dei satsar på å kunna oppfylla. Samstundes var det fint å sjå det aktive bibelarbeidet og kor viktig det er for kyrkjene og einskildmenneske, fortel Smemo.

– Bibeltekstene er endå viktigare for å halda motet opp frå dag til dag. Dei les dei i lys av sin eigen situasjon og finn trøyst og styrke. Fleire sa at dei samanlikna Jesu liding på krossen med si eiga liding. Dei finn trøyst i at Jesus har lide og lid med dei. Dei er ikkje åleine i ein vanskeleg situasjon, for Jesus har vore der før dei.

Til jul og påske deler Bibelselskapet ut hefte med bibeltekster. Dei er betalte av Det Norske Bibelselskap og fortel den bibelske bakgrunnen for høgtidene.

– Bibelhefta var svært populære hos både store og små. Hefta gjev ei god oppleving, ein aktivitet å halda på med, og dei gjev bibelkunnskap. «Hald fram å gje oss slikt materiell», sa både kyrkjeleiarar og familiar. Denne utfordringa går vidare til bibelselskapa, både i Noreg og i andre land.

Det var òg gripande for Smemo å sjå leiaren til bibelselskapet, George Andrea, og medarbeidarane hans i Syria.

– Eg har følgt dei i meir enn femten år, heilt frå første gongen eg var i landet. Dei har alltid sett det som eit kall å gje Bibelen til det syriske folk. Dei står på døgnet rundt, heile veka. Besøket var ei stor oppmuntring for dei. Støtte og forbøn frå Bibelselskapet i Noreg kan ikkje verdsetjast høgt nok. George Andrea var tydeleg på at den hjelpa dei får frå Det Norske Bibelselskap, har vore heilt avgjerande for dei i alle desse åra.

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)